Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Seksualitet hos barn og ungeChevronRight
  5. Ungdom og seksualitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungdom og seksualitet

Som barne- og ungdomsarbeidar jobbar du tett opp mot ungdommar. Når ungdom stiller spørsmål om seksualitet, må du kunne rettleie dei.

Vurder din eigen kompetanse

Viss du føler at du ikkje har den kompetansen som er nødvendig for å rettleie, må du sjå til at ungdommen får kontakt med andre som kan hjelpe.

Det kan for eksempel vere

  • lærarar
  • helsesjukepleiar eller helsestasjonen for ungdom
  • ein lege
  • ein sexolog

Haldningar

Det er store variasjonar i kva vi meiner er akseptabelt og ikkje når det gjeld seksualitet. Som barne- og ungdomsarbeidar må du ha auge for dine eigne haldningar til dei ulike emna på området seksualitet.

Når ungdom ønskjer rettleiing, skal du møte dei med respekt og toleranse. Det betyr at du må late dei finne sine eigne svar sjølv om dei ikkje er i tråd med det du meiner er rett. Det betyr òg at du må kommunisere på ein måte som ikkje diskriminerer grupper av menneske.

I nokre tilfelle kan du bli uroa over dei tinga ungdommane tek opp med deg. Det kan for eksempel vere at dei prostituerer seg eller blir utsette for seksuelle overgrep.

Kva kan du seie?

Dette blir for vanskeleg for meg, så dette må eg prate med nokon andre vaksne om. Forklar ungdommen kva du fortel og til kven, slik at dei ikkje mistar tilliten til deg.

Kommunikasjon

Sjølv om ungdom møter seksualitet dagleg i ulike medium, opplever mange at det er vanskeleg å snakke med vaksne om dette temaet. Dette må respekterast. Lat ungdommen spørje om det han eller ho føler behov for å spørje om.

Ver òg klar over at ein del av dei ungdommane som er tøffe og pratar om det meste, i røynda kan ha problem med å spørje om det dei verkeleg lurer på.

Å rettleie vil seie å hjelpe ein annan til sjølv å komme fram til si eiga løysing. Målet med rettleiing av barn og unge i seksualitet er at dei skal utvikle forståing, ansvar og gode haldningar. Gjennom rettleiiing skal du hjelpe barn og ungdom til å bli i stand til sjølve å vurdere, setje grenser og gjere eigne val på når det gjeld seksualitet. Dette meistrar barnet eller den unge som eit resultat av refleksjon og innsikt.

På området seksualitet er det ei rekkje tema som unge treng rettleiing i.

Det gjeld blant anna

  • seksuell debut
  • prevensjon
  • graviditet
  • abort
  • kjønnssjukdommar
  • seksuell identitet

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Ungdom og seksualitet»
  1. Kva for slags tema meiner du det er viktig å kunne gi ungdom veiledning om når det gjeld sexualitet?
  2. Gå saman i grupper og vurder kva for kompetanse de har på dei ulike områda der unge gjerne treng rettleiing.
  3. Lag ei oversikt over kva de treng meir kunnskap om, og be helsesøster om å gi dykk ei fagleg oppdatering på desse områda.
  4. Når er det rett å vise ungdom til andre, og kven viser du dei til?
  5. Ein ungdom fortel deg at ho blir seksuelt misbrukt, men ber deg om å ikkje fortelje det til nokon. Kva gjer du?
    Vurder dette opp mot teieplikt og opplysingsplikt. Kva blir kravd av deg?
  6. Korleis kan du halde deg fagleg oppdatert på dette emnet seksualitet?

Læringsressursar

Seksualitet hos barn og unge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar