Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Seksualitet hos barn og ungeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Seksuell utvikling

Seksualitet er medfødt. Den første seksuelle reaksjonen skjer i fosterlivet. Seksualiteten til barna blir utvikla vidare frå småbarnsalderen. Barn utforskar seg sjølve og jamaldringar i leik, og barn kan få ei kilande, varm og god kjensle i underlivet.

Figurer av kvinner og menn med ulike kjønnssymboler. illustrasjon.

Kvar bør grensa gå?

Det finst mange meiningar om kvar grensa bør gå for den seksuelle utforskinga og leiken til barn, både blant foreldre og blant dei som arbeider med barn og unge. Du må vere lydhøyr for tankane og kjenslene til foreldra. Det er òg viktig at temaet blir drøfta i den enkelte barnehagen og skulen slik at det finst ei felles haldning til korleis ein møter barn som onanerer eller leiker seksuelle leikar.

Seksuell leik og utforsking i trygge rammer er heilt nødvendig i identitetsutviklinga. Dei vaksne sin reaksjon på den seksuelle leiken har mykje å seie for sjølvkjensla til barnet. Barnet treng vaksne som respekterer og godtek seksualiteten til barnet. Barn må få prøve ut seksualiteten sin, men samtidig treng det rettleiing, for seksuell åtferd passar ikkje overalt og i alle samanhengar.

Utviklingsfasene

Slike grupperingar byggjer på utviklinga ein ser hos fleirtalet av menneska i eit samfunn. Det vil alltid vere nokon som er tidlegare og andre som er seinare utvikla.

0–1 år

Behovet for nærleik og kroppskontakt er særleg stort det første leveåret. Å liggje tett inntil mor eller far og oppnå den gode blikkontakten, saman med forsiktig stryking over ryggen, er med på å gjere at barnet opplever seg sjølv som elska og verdifullt. Dette hjelper på utviklinga av grunnleggjande tillit og av den gode sjølvkjensla som ein òg meiner har mykje å seie for den vaksne seksualiteten seinare i livet.

Lenkje til fagstoff: Nærleik og kroppskontakt i alderen 0–1 år.

1–4 år

Jente kikker ned i buksene på gutt. illustrasjon.
Barns utviklin

Barn blir kjende med og utforskar kroppen sin med hendene. Dette skjer allereie på stellebordet. Frå 2–3-årsalderen begynner barn å oppdage at jenter og gutar er forskjellige, og dei begynner etter kvart å bli opptekne av kroppane til kvarandre. Dette kjem til syne både i ord og handling. Frå 3–4-årsalderen utforskar barn både seg sjølve og kvarandre i seksuell leik, for eksempel doktorleik.

Lenkje til fagstoff: Seksualitet i alderen 1–4 år.

4–6 år

I denne fasen er barnet gjerne enda meir aktivt og initiativrikt overfor seksualiteten sin. Barnet vil utforske seksualiteten sin og kjønnsrolla si i samhandling med andre barn. Barn i 5–7-årsalderen kan òg vere litt meir sjenerte og mislike å vise seg nakne. Nokre synest det er ekkelt å snakke om seksualitet.

Lenkje til fagstoff: Seksualitet i alderen 4–6 år.

6–12 år

Periodevis i denne alderen utforskar barn seksualiteten sin med stor nysgjerrigheit. Dei fleste gjer det gjennom kroppsleg nærleik til jamaldringar, med kyssing, kosing og klemming. Kjærasteforhold er spennande, kortvarige og hyppige, men utan dei heilt store følelsane.

Sjølv om dei store pubertetsendringane for dei fleste kjem seinare, opplever nokon, særleg jenter, at dei kan komme så tidleg som i 9–10-årsalderen.

Lenkje til fagstoff: Seksualitet i alderen 6–12 år.

12–18 år

Denne alderen er prega av den fysiske og mentale modninga som puberteten medfører. Hos jentene set dei store pubertetsendringane inn i 12–13-årsalderen. Hos gutane kjem dei gjerne litt seinare, vanlegvis i 13-15-årsalderen.

Seksuell nysgjerrigheit og lyst aukar kraftig i denne alderen. Onani er svært vanleg, både åleine og for ein del òg i fellesskap med andre. I løpet av denne perioden førebur ein seg på å bli vaksen både fysisk og mentalt. Det skjer ei utvikling frå å vere barn og avhengig av foreldra til å bli vaksen, sjølvstendig og i stand til å produsere eigen familie.

Lenkje til fagstoff: Seksualitet i alderen 12–18 år.

Forslag til nettside til tema seksuell helse: eMetodebok for seksuell helse (www.sexogsamfunn.no)

Utfordringar til deg

  1. Beskriv den seksuelle utviklinga til barna.
  2. Les fordjupingstekstane i lenkjesamlinga.
  3. Nokre barn utviklar seg seinare enn fleirtalet, andre er tidlegare ute. Kvifor bør du vere ekstra merksam på desse barna, og korleis kan du støtte dei?

Læringsressursar

Seksualitet hos barn og unge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualopplysning i barneskolen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Jenter debuterer tidligere

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gutter og seksualitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualitet og kulturforskjeller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvilke ord skal vi bruke når vi snakker om seksualitet?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innvandrerungdom snakker om seksualitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvordan forklare barn om graviditet?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kondom og klamydia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualundervisning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Kondom og klamydia»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Seksualitet og kulturforskjeller»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Hvilke ord skal vi bruke når vi snakker om seksualitet?»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Innvandrerungdom snakker om seksualitet»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Hvordan forklare barn om graviditet?»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Seksualundervisning»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff