Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Seksualitet hos barn og ungeChevronRight
  5. Identitet, sjølvbilete og sjølvkjensle ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Identitet, sjølvbilete og sjølvkjensle

Å ha ein identitet er å vite kven ein er som menneske. Sjølvbiletet er ein viktig del av identiteten vår. Det handlar om korleis vi ser på oss sjølv, på godt og vondt. I lenkjesamlinga finn du lenkjer til temaet identitet på Vg1 helse- og oppvekstfag og sidene til samfunnsfag.

Intervju med sexolog
Identitet

Psykologen Erik H. Erikson har laga ein teori om korleis personlegdommen til mennesket blir utvikla i samspel med andre. Ut ifrå denne teorien kan ein seie at identiteten til mennesket er til stades og blir utvikla gjennom heile livet.

Barne- og ungdomsåra er særleg viktige, for det er då det grunnleggjande ved identiteten vår blir forma. Barn oppfattar kven dei er, i samspel med foreldra sine og andre nære personar. I løpet av dei første 18 månadene utviklar barnet ein grunnleggjande tillit eller mistillit til andre. Eit barn som blir møtt med kjærleik og omsorg, utviklar ein grunnleggjande tillit til dei det har rundt seg. Den grunnleggjande tilliten har alt å seie for korleis barnet opplever seg sjølv saman med andre vidare i livet, blant anna om det kjenner seg trygt og tilfreds med livet sitt.

Etter kvart som barnet blir større og nærmar seg ungdomstida, blir venner stadig viktigare, og identiteten blir påverka av dei som har stor betydning for barnet i denne livsfasen.Erikson kallar ungdomstida sin fase for "identitet eller rolleforvirring"


I ungdomstida går kroppen gjennom store hormonelle og fysiske endringar. Ungdommen er no ein stad midt mellom barn og vaksen. Det kan skape rolleforvirring hos den unge. For å finne seg sjølv og sin eigen identitet vil ungdommane prøve ut rollene sine i ulike sosiale samanhengar, for eksempel på skulen, blant venner og blant vaksne.


Seksuell identitet

Seksuell identitet dreiar seg mellom anna om kva seksuell legning ein har, for eksempel om ein oppfattar seg sjølv som heterofil, homofil eller bifil. Dei fleste blir klar over den seksuelle identiteten sin når dei kjem i puberteten.

Seksuell identitet - Store norske leksikon


Sjølvbilete og sjølvkjensle

Sjølvbiletet er ein viktig del av identiteten vår. Det dreiar seg om korleis vi ser på oss sjølve, på godt og vondt. Sjølvbiletet blir utvikla gjennom heile oppveksten og blir påverka av dei tilbakemeldingane vi får av omgjevnadene våre på veremåten vår. Gode tilbakemeldingar er med på å gi eit godt sjølvbilete, mens stadig kritikk medverkar til å gi eit dårleg sjølvbilete.

Sjølvkjensle handlar om dei kjenslene vi har i tilknyting til sjølvbiletet vårt, som omfattar både dei sterke og dei svake sidene våre. Det dreiar seg om korleis vi kjenslemessig verdset oss sjølve som den vi er.

Dei som har låg sjølvkjensle, kjenner seg ofte usikre, engstelege og lite verdifulle. Dei som derimot har eit god sjølvkjensle, kan også i periodar ha slike kjensler, men dei kjenner seg generelt meir betydningsfulle og trygge enn dei som har dårleg sjølvbilete og låg sjølvkjensle. Dei som i utgangspunktet har god sjølvkjensle, vil lettare takle motgang og kritikk enn dei som har låg sjølvkjensle.

Sjølvbiletet og sjølvkjensla kan vere ulike på ulike arenaer. For eksempel kan ein som meiner at han er dårleg på skulen, synest at han er ein veldig god fotballspelar. Det er viktig at barne- og ungdomsarbeidaren støttar opp under det personen synest at han er god til.

Den seksuelle utviklinga vår heng saman med alle andre sider av personlegdommen, som òg utviklar seg gjennom heile livet. Å utvikle eit godt sjølvbilete, bli trygg på kven ein er, bli trygg på andre, meistre sosiale ferdigheiter, gjere seg kjend med eigen kropp og oppleve kjenslemessig tilknyting til andre er eksempel på utviklingsprosessar som kan hjelpe oss til å få eit godt liv på mange område, også seksuelt. Det er viktig at barn får lov til å vere den dei er. Samtidig er det òg viktig for utviklinga at barn opplever at dei kan vere betydningsfulle for andre i ein fellesskap. Slik lærer barn at dei har rett til å vere seg sjølve, men at dei som menneske også kan ha stor betydning for andre. Begge delar er viktige for oss som heilskaplege menneske.

I lenkjesamlinga finn du meir fagstoff om

  • kjønnsidentitet
  • utvikling av seksuell identitet

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Identitet, sjølvbilete og sjølvkjensle»
  1. I lenkjesamlinga finn du ei lenkje til Vg1 helse- og oppvekstfag sine sider om identitet. Repeter dersom du har behov for det.
  2. Forklar orda identitet, sjølvbilete og sjølvkjensle.
  3. Finn stoff på nettet om teoriane til Erikson, og gjer deg kjend med dei.
  4. Forklar kva som er meint med at sjølvbiletet og sjølvkjensla kan vere ulike på ulike arenaer.
  5. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar styrkje sjølvbiletet til barn og unge?
  6. Les om identitet på sidene til samfunnsfag (lenkjesamling).
  7. Gi konkrete eksempel på korleis du kan styrkje sjølvkjensla til eit barn eller ein ungdom.
  8. Ta utgangspunkt i ein episode i livet ditt. Korleis trur du denne episoden har hatt innverknad på sjølvbiletet ditt og sjølvkjensla di?
  9. På kva for måtar påverkar miljøet utviklinga av kjønnsidentiteten til barn? Trekk gjerne fram eksempel frå ulike kulturar.
Oppgåver til filmen «Intervju med sexolog»
  1. Kvifor opplever mange at det er vanskeleg å snakke om seksualitet?
  2. Kva er bluferdigheit?
  3. Kva er grunnkompetanse når det gjeld seksualitet?
  4. Kva fortel sexologen om det med å finne sin eigen identitet?
  5. Når er barn modne nok til å høyre om seksualitet?
  6. Korleis bør du svare barn som stiller spørsmål om seksualitet?
  7. Kva for opplæring bør barn i barnehagen og skulen få om seksualitet?
    Fordjuping:
    – Kva seier rammeplanen om opplæring om kropp og seksualitet i barnehagen?
    – Kva seier læreplanane om opplæring i seksualitet i grunnskulen?
  8. Kvifor er sexologen uroa for guttegruppa?
  9. Kva vil det seie å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeider når det gjeld seksualitet?
  10. Når bør du be barn eller unge om å gå til nokon andre med spørsmåla sine om seksualitet?
Oppgåver til filmen «Identitet»
  1. Kva tenkjer du etter at du har sett filmen? Del tankane dine med han eller ho du sit ved sida av.
  2. På slutten av filmen blir det sunge «This is my life». Reflekter over det og diskuter det i klassen.
  3. Skriv ein tekst om sjølvkjensle og identitet med utgangspunkt i filmen.
  4. Kvifor trur du vi har gitt denne filmen tittelen «Identitet»?
  5. Kva trur du er meint med at Håvard er eit viktig førebilete for mange barn og unge?
  6. Korleis beskriv han lærarane sine? Korleis bør lærarar og andre vaksne møte barn som skil seg frå majoriteten?

Læringsressursar

Seksualitet hos barn og unge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualopplysning i barneskolen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Jenter debuterer tidligere

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gutter og seksualitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualitet og kulturforskjeller

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvilke ord skal vi bruke når vi snakker om seksualitet?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innvandrerungdom snakker om seksualitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvordan forklare barn om graviditet?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kondom og klamydia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualitet som tema i barnehagen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Personalmøte om tema seksualitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seksualundervisning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Kondom og klamydia»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Seksualitet og kulturforskjeller»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Hvilke ord skal vi bruke når vi snakker om seksualitet?»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Innvandrerungdom snakker om seksualitet»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Hvordan forklare barn om graviditet?»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen «Seksualundervisning»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff