Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Sosial utviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis bør ein møte barn med autismediagnosar?

Det er viktig at barnehagen og skulen er godt førebudde når barn med autismediagnosar skal begynne. Mange av desse barna har ikkje ein heilt presis diagnose når den første barnehagedagen kjem, og det er kanskje først når barnet kjem saman med andre på same alder at ein blir klar over at det er behov for ekstra tilrettelegging.

Gutt holder jord og plante i hendene. Foto.

Alle barn er ulike

Det er viktig å hugse på at òg barn med funksjonsnedsettingar, for eksempel autisme, er forskjellige. Personell i barnehage og skule kan gi heilt avgjerande hjelp til foreldra ved at dei observerer og melder tilbake om behov for tilrettelegging.

Foreldre og andre pårørande lærer seg å forstå barnet sitt og tenkjer kanskje ikkje over at barnet ikkje kan snakke og kommunisere som andre barn – for heime går det jo ganske greitt! I barnehagen vil ein sjå at her er eit barn som ikkje så lett forstår andre, eller som ikkje gjer seg skikkeleg forstått. Då må ein slå alarm.

Liker ikkje nye ting

Barn med diagnosar innanfor autismespekteret liker ofte ikkje endringar. Å begynne i barnehage etter å ha vore heime saman med ein vaksen som barnet kjenner godt, er derfor ei stor og krevjande omstilling for mange. På same måten er det ei stor endring å slutte i barnehagen og begynne på skulen. Overgangane må planleggjast godt, og ein må ta alt stegvis. I praksis betyr det at dei vaksne òg må førebu seg i god tid – både dei som er heime hos barnet, og dei som skal ta imot i barnehagen eller på skulen.

For dei fleste barna som har ein autismediagnose, vil det vere viktig at dei blir kjende med romma dei skal vere i, før dei begynner, og at dei får eit rom som er deira eige.

Endå viktigare er det at dei på førehand veit kva for nokre vaksne dei skal vere saman med i barnehagen eller på skulen. Ny vaksenkontakt kan vere vanskeleg og må førebuast.

«No orkar eg ikkje fleire damer!» sa førsteklassingen ein dag i februar. Foreldra hadde merka frustrasjonen, men var litt overraska likevel. Guten hadde hatt ein fantastisk første haust på skulen. Overgangen frå barnehagen hadde gått fint, klassen var ikkje skummel, og språket, som foreldra frykta aldri ville komme, utvikla seg frå dag til dag. Etter jul fekk familien beskjed om at primærkontakten til guten hadde blitt gravid, og ho blei mykje sjukmeld. Vikarane var både greie og flinke, men dei var stadig nye, og dei gjorde små og større endringar i dei rutinane og avtalane guten og den første assistenten hans hadde laga heile hausten. Tida mellom jul og påske gjekk tyngre og tyngre, og til slutt meinte barnet at han i grunnen hadde gått nok på skule no, heretter blei han heime!
I dette tilfellet skjønte skulen problemet då foreldra tok opp saka, og dei klarte å leggje om timeplanen slik at to av dei assistentane som kjende guten best, fekk hovudansvaret etter påske. Talet på vikarar blei kutta kraftig ned, og dei laga tydelegare reglar – ikkje for skuleguten, men for dei vaksne. Etter påske visste alle som skulle jobbe med guten, korleis dei skulle ta imot han om morgonen, kvar kleda skulle liggje, kvar sekken skulle stå, når datamaskina skulle brukast og ikkje. Dagane blei igjen føreseielege, og guten godtok å gå på skulen, for han hadde det jo kjekt der! Frå neste skuleår blei det gjort ei viktig endring: I staden for éin primærkontakt som hadde veldig mange timar med denne guten, var det ei gruppe på tre som delte på oppgåvene. Når sjukmeldingar, permisjonar og andre avbrot kom utover i skuleåret, var likevel alltid minst éin av dei tre på skulen, og det vart ikkje så slitsamt at det av og til måtte hentast inn fleire vikarar. Den trygge grunnmuren stod heile skuleåret.

Ein god skule- og barnehagekvardag

Føreseieleg er kanskje det viktigaste stikkordet for behova til barn med diagnose innanfor autismespekteret. Det gjeld for så vidt også for barn med andre funksjonshemmingar. For eit barn som opplever verda rundt seg som kaos, er det ekstra viktig at det blir laga strukturar, system og rutinar som er like og attkjennande frå dag til dag.

Heime er det som regel ganske like dagar, sjølv om dei fleste familiar ikkje lagar planar for det. I skule eller barnehage er ein nøydd til å vere bevisst på dette og leggje til rette for at barna skal bli trygge.

  • Måltid må følgje dei same reglane kvar dag: Kvar skal vi sitje? Skal vi smørje mat eller ta med matpakke? Kva rutinar har vi for handvask før vi skal ete? Kva reglar har vi for korleis vi oppfører oss ved bordet?
  • Toalettbesøk må også planleggjast. Ikkje alle barn med autismediagnose skjønner korleis kroppen fungerer, og dei må derfor ha hjelp for å lære å kjenne igjen dei signala som kroppen gir. I lengre periodar enn for andre barn kan det vere nødvendig å setje opp toalettbesøk til faste tidspunkt. Dei som skal følgje barnet, må vite kva slags oppgåver som skal løysast i samband med på- og avkleding, og dei må gjere det likt kvar dag.
  • For dei fleste barna med denne diagnosen vil det vere trygt og fornuftig å ha noko tid aleine saman med ein vaksen kvar dag. Mykje aktivitet kan skje i små grupper og etter kvart kanskje inne i klasserom eller store grupper, men til dømes bør starten på dagen skje i rolege former med få andre til stades. Slik sørgjer ein for at barnet får ein god og mjuk start på dagen.
  • Hugs at dei dagane som andre barn gler seg til – som 17. mai, juleverkstad, karneval, skuleturar og foreldrekaffi – kan bli slitsame og kaotiske dagar for autistbarnet. Dei vanlege reglane og rutinane blir snudde om på, lærarar byter plass, andre vaksne kjem inn i klasse- eller grupperom, maten er annleis, og ein opplever nye og ofte høgare lydar. Autistbarnet må få høve til å trekkje seg tilbake frå alt dette kaoset dersom det blir for mykje. I tillegg hjelper det sjølvsagt å ha førebudd seg godt.
Dagsplanar

Dagsplanar er eit godt verktøy for desse barna. Mange aktivitetar på dagsplanen vil vere like frå dag til dag, men når barnet har blitt vant til rutinane og reglane, kan det godt gå bra å gjere nokre endringar også.

Det er viktig at ein vurderer frå barn til barn kor detaljerte dagsplanane må vere. For nokre barn må kanskje aktivitetane delast opp i fleire handlingskjeder. «Uteleik» kan vere eit ord på dagsplanen, men det er ein aktivitet som inneheld veldig mange oppgåver: å gå ut der kleda heng, å ta av innesko, å kle på uteklede i ei logisk rekkjefølgje, å vente på den vaksne, å opne utgangsdøra, å finne andre å leike med, å bli einig om kva for ein leik ein skal leike, og så bortetter.

Barn som klarer å lære seg vekedagane, vil kunne vite at kvar måndag lagar vi mat, kvar tysdag går vi tur, kvar onsdag trener vi i gymsalen, og så bortetter. Dagsplanen viser at dagen startar og blir avslutta på same måte kvar dag, men det er ulikt frå dag til dag undervegs.

Overgangen frå ei årstid til ei anna er tøff for mange. Når ein endeleg har lært seg kva rekkjefølgje kleda skal takast på: truse, trøye, stillongs, genser, sokkar, bukse og så uteklede – så seier dei vaksne at det har blitt så varmt i vêret at stillongsen kan liggje igjen i skapet, og at hua ikkje treng å vere med på skulen eingong! Det er då ikkje rart at ein kan bli forvirra av slikt? Raske skifte i vêret er ekstra vanskeleg, men det går an å førebu seg på at til dømes våren kan komme brått, og då må alle godta å ta av dei varme vinterkleda. Det er viktig for dei vaksne rundt å forstå at autistbarn vil protestere på alle endringar. Det beste vil alltid vere å ha tinga slik dei alltid har vore.

Bilete er betre enn ord

Barn med ein autismediagnose forstår ofte bilete og teikningar betre enn dei forstår ord og forklaringar. Dagsplanane bør derfor ha bilete eller symbol for dei ulike aktivitetane, når barnet har begynt på skulen òg.

Det vil variere frå barn til barn kor godt dei hugsar innhaldet i dagsplanen. For somme er det kanskje nødvendig å repetere mange gonger kvar dag. For andre kan det vere til hjelp at det er eit bilete eller kort som fysisk blir henta frå dagsplanen og teke med dit aktiviteten skal skje, som til dømes på toalettet, i garderoben, i gymsalen eller på grupperommet. Handlingskjedene som skal vise rett rekkjefølgje på ein aktivitet, bør òg vise symbol, bilete eller teikningar.

Det er gode dataprogram som kan hjelpe med dette, og om ein ikkje har ein datamaskin tilgjengeleg, kan gule post-it-lappar med strekmenneske òg fungere.

Forsterkingar

Å lære å løyse oppgåver krev mykje trening og tolmod. Av og til vil det vere lønn god nok at oppgåva lèt seg løyse, men ofte er ikkje det tilstrekkeleg.

For kvart barn må ein då finne fram til kva som kan fungere som lønn, og lage seg eit lite lager av slike «forsterkarar». Kanskje kan ein spele eit spel når treninga er over? Kanskje skal det vere lov med nokre få minutt med sjølvstimulering, som til dømes leik med pinnar eller blyantar? Kanskje kan det vere ein non-stop som er forsterkinga?

Barna med autisme lærer av å gjere ting rett. Dei vil løyse ei oppgåve den andre gongen slik dei gjorde det første gongen, og dei vil som oftast ikkje kunne korrigere seg sjølve dersom den første gongen var feil. Var det feil den første gongen, vil dei gejrne halde fram med å gjere feil om og om igjen. Å endre på innlært åtferd er mykje vanskelegare enn å lære for første gong. Det er derfor viktig at ein får det brukbart til på det første forsøket!

Kontakt med heimen

Kontakten mellom skulen eller barnehagen og heimen er heilt avgjerande for at problem blir løyste. Barn med autismediagnosar er ikkje alltid i stand til å fortelje korleis dei har det, og då er det dei vaksne rundt dei som må observere og gi beskjed.

Å øve

Barna med autismediagnose må på same måte som andre barn med funksjonsnedsetjingar trene, trene og trene. Oppgåver som andre barn lærer utan at dei sjølve og omgivnadene tenkjer over det, må brytast ned i enkelte delar og terpast på om og om igjen. Dei vaksne må vere tolmodige, og barnet må få ei kjensle av at det er vits i å øve.

Fagarbeidaren viktig

Barne- og ungdomsarbeidarar vil vere assistentar for barn med ein autismediagnose. Det betyr at det er lærarar, spesialpedagogar og skule- eller barnehageleiarar saman med dei pårørande som har ansvar for å utarbeide planar og mål for det enkelte barnet. Barne- og ungdomsarbeidarane blir ofte dei som skal gjennomføre mange av oppgåvene som er sette opp i desse planane. Kvart barn har rett på ein individuell plan (IP) som omhandlar alle forhold som er viktige, både heime og på skulen eller i barnehagen. I barnehagen eller på skulen skal det i tillegg lagast ein individuell opplæringsplan (IOP) som det er viktig at alle som jobbar med barnet, kjenner til. Barne- og ungdomsarbeidaren bør få vere med og komme med forslag til aktivitetar og målsetjingar, for ofte er det han eller ho som kjenner barnet best.

Kvar kan du hente meir kunnskap?

Det er etter kvart skrive mykje om autisme og diagnosar innanfor autismespekteret. Autismeforeininga i Noreg har gode heimesider med informasjon som blir oppdaterte jamleg og har lenkjer til andre sider med meir informasjon. Autismeforeininga er på Facebook, og der blir det lagt ut både faglege artiklar og kommentarar til dagsaktuelle spørsmål som gjeld kvardagen til målgruppa.

Nokre nyttige heimesider
Autismeforeininga i Noreg: www.autismeforeningen.no

Dei funksjonshemma sin fellesorganisasjon i Noreg: www.ffo.no

Læringsressursar

Sosial utvikling

SubjectEmne

Fagstoff