Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Sosial utviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er autisme?

Autisme er ei omfattande funksjonshemming. Ho påverkar særleg evna til å kommunisere med andre menneske og evna til å delta i – og skjønne – sosialt samspel.

Barn med rockering. Foto.

Korleis kjenne igjen autisme?

Foreldre og andre pårørande får kanskje mistanke om at noko er gale når dei opplever at barnet ikkje lærer å snakke og kommunisere på same tida og på same måten som andre barn.

Ofte blir diagnosen stilt før barnet er tre år. Ingen kan seie sikkert kva som er årsaka til autisme. Autisme kjem av ein organisk hjerneskade. Det blir forska mykje på årsakene til autisme, og det vil komme mykje informasjon frå denne forskinga i åra som kjem.

  • Barn med ein diagnose innanfor autismespekteret kan verke uinteresserte i det som skjer rundt dei.
  • Somme liker ikkje å bli leika med.
  • Somme reagerer annleis enn andre på fysisk kontakt, lukt og smak.
  • Somme barn med autisme vil reagere veldig negativt på høge lydar, medan andre kanskje vil verke som om dei er døve ettersom dei tilsynelatande ikkje reagerer på lydar i det heile.
  • Ofte slit desse barna med å ha blikk-kontakt med andre. Det «gjer vondt» å treffe blikket til andre.
  • Eit barn med autisme klarer ofte ikkje å leike saman med andre barn på vanleg vis. Dei leikar heller ikkje med leikene slik dei eigentleg skal brukast. I staden for å køyre med bilen på golvet, sit dei gjerne og snurrar på hjula og blir fascinerte av den snurrande rørsla. I staden for å kose med bamsen, sit dei og plukkar på sløyfa rundt halsen eller med merkelappen på den eine foten.

Kaos?

For barn med autisme er verda rundt dei ein masse med inntrykk dei ikkje klarer å sortere og forstå. «Kaos» er kanskje det som beskriv det best. Alle dei tusenvis av inntrykka dei tek imot gjennom auge, munn og øyre, blir for mykje. Dei klarer ikkje å takle alt. Ein måte å prøve å forstå det på, er å tenkje seg ei tribuneside på ein fotballbane. Dei fleste av oss vil sjå at der er det ei folkemengd, medan for enkelte av desse barna er det tusenvis av enkeltpersonar. Dei klarer ikkje å trekkje alle enkeltindivida saman til ei mengd, og då blir sjølvsagt inntrykket overveldande.

Dersom ein tenkjer seg det same biletet overført til lydar, seier det noko om kor kaotisk verda kan bli: Ein høyrer alle enkeltlydane i staden for ein jamn bakgrunnslyd. På ein flyplass vil funksjonsfriske menneske registrere at det er eit jamt surr av lydar: opplysningar over høgtalarar, fly som landar og lettar, folk som snakkar saman, nokon som blir ropt etter, og så vidare. Alt blir eit lydteppe som ligg bak i hovudet. For ein med autisme, som registrerer kvar enkelt lyd, blir det uuthaldeleg å vere på ein slik stad.

Ritual og reglar

Ofte har menneske med autisme eit sterkt behov for å lage system i alt kaoset dei oppfattar rundt seg. Mange av dei lagar seg derfor ritual og reglar som dei må følgje kvar einaste dag. Det kan vere rekkjefølgja på kleda som skal takast på, eller at syltetøyet må dekkje absolutt heile brødskiva.

Somme bruker kalenderen til å bestemme når dei skal skifte frå vinterklede til sommarklede. Sommaren kjem 1. mai – uansett om termometeret viser at det slett ikkje er varmt nok til å ta av seg stillongs og støvlar.

Enkelte lagar lydar og rørsler som blir gjentekne igjen og igjen. Nokon snurrar på pinnar, medan andre slår pinnane mot kvarandre. Nokon ruggar fram og tilbake, medan andre hoppar opp og ned på stolen. Dette blir kalla «sjølvstimulering», og det er ein måte for barnet å ha kontrollen på inntrykka som blir tekne inn. Dersom ein har pinnane som blir slegne mot kvarandre, i fokus, klarer ein å halde alle dei andre forvirrande inntrykka borte. Ein gut med autisme blei stilt spørsmålet: «Kvifor slår du med pinnane?» Han svarte: «Det hjelper meg å tenkje fine tankar.»

Kommunikasjon og språk er avgjerande

Barn med autisme er ulike når det gjeld språk og evne til å lære å snakke. Somme lærer aldri å snakke og må trenast i andre måtar å kommunisere på. Andre lærer seg å snakke, men får eit avgrensa ordtilfang. Andre igjen kan uttrykkje seg godt, men slit kanskje med å forstå kva orda verkeleg tyder.

Kroppsspråk

Mange klarer ikkje å lese kroppsspråk og ansiktsuttrykk. Ord blir oppfatta heilt konkret, og det er vanskeleg når nokon snakkar i bilete. Eit døme: Mor viser fram ei ny badebukse og spør: «Kan du bade i denne?» Guten med autisme svarer: «Nei, eg vil heller bade i bassenget.» Den same guten hoppar på trampolinen i finkleda, og ein nabo spør: «Hoppar du på 17. mai òg, du?» Guten svarer: «Nei, eg hoppar på trampolinen.»

Ironi

Ironi blir sjølvsagt ekstra vanskeleg – det at nokon seier ein ting, men meiner det motsette. Dette er éin av grunnane til at menneske med autisme ofte blir usikre og redde, særleg når dei kjem i tenåra og ironi blir ein viktigare del av samspelet med andre. «Eg hadde det bra på barneskulen, fordi då leika vi masse», fortalde ei jente med Aspergers syndrom. «På ungdomsskulen blei det mykje verre, for då skulle vi berre stå stille i skulegarden, og eg skjøna ikkje kvifor dei andre lo når dei lo, og somme gonger tenkte eg at dei lo av meg.»

Skuleframsyningar og liknande

Veldig mange med autisme unngår arrangement og tilstellingar der det er mange menneske. Det blir altfor mykje å halde styr på. Skal eit barn med autisme til dømes klare å gå i 17. mai-tog eller sjå på ei skuleframsyning i gymsalen, krev det førebuingar og tilrettelegging.

Herming er ikkje noko sjølvsagt

For dei fleste av oss er det slik at vi lærer ved å sjå på andre. Vi tenkjer ikkje på at vi har lært ei bestemt ferdigheit, for det har i grunnen blitt slik av seg sjølv. For mange med autisme er det ikkje slik. Dei slit med å overføre erfaringar frå ein annan person til seg sjølv, og dei slit med å overføre eigne erfaringar frå ein situasjon til ein annan. Kvar einaste ferdigheit må derfor lærast aktivt, for ingenting kjem av seg sjølv.

Diagnose

Diagnosane innanfor autismespekteret er fleire: infantil autisme, Aspergers syndrom, atypiske former for autisme og psykisk utviklingshemming med autistiske trekk. På ein skule eller i ein barnehage vil det vere barn som blir omtalte som «autistiske», men som kan ha litt ulike diagnosar dersom ein skal vere heilt presis. For alle vil det vere viktig at dei får ein føreseieleg og trygg kvardag.

Ved å søkje på autisme på nettet vil du finne meir fagstoff om emnet. Hugs å sjekke kjelda og vise vanleg kjeldekritikk.

Læringsressursar

Sosial utvikling

SubjectEmne

Fagstoff