Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Sosial utviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

ADHD

ADHD er ei nevrologisk forstyrring som først og fremst inneber at ein person er meir uroleg og har vanskar med å vere merksam (Fhi.no). I barnehage og skule vil du kunne møte barn som har ADHD. Du må da ha noko kunnskap om denne tilstanden.

Dersom du søkjer etter ADHD på nettet, får du opp fleire sider som tek for seg temaet. Hugs å sjekke kjelda for å forsikre deg om at sida er påliteleg.

Kjernesymptom på ADHD er:

  • Konsentrasjonsproblem og problem med å vere merksam over tid:
    Dette kan føre til at personar med ADHD ikkje fangar opp munnlege meldingar og andre signal frå omgivnadene. Dei kan ha vanskar med å ta til seg informasjon og kan difor få problem med å følgje instruksjonar, gjennomføre oppgåver og organisere eigne aktivitetar. For andre kan det verke som om dei ikkje høyrer etter. Dei unngår eller misliker gjerne oppgåver som krev at dei er merksame over tid. Dei skiftar ofte frå ein aktivitet til ein annan utan å gjere noko ferdig. Dei er lette å distrahere, dei gløymer fort og mistar lett ting.
  • Hyperaktivitet:
    Barn og unge med ADHD har ofte mykje uro i hender og føter. På skulen kan barnet til dømes forlate plassen sin i timen og springe omkring. Andre kjenneteikn er støyande leik, overdriven kroppsleg aktivitet og at dei pratar mykje utan å tilpasse seg den situasjonen dei er i. Ungdom og vaksne har ikkje det same høge aktivitetsnivået, men er ofte rastlause.
  • Impulsivitet:
    Dette inneber at dei handlar før dei har tenkt seg om. Det fører gjerne til at dei svarer før eit spørsmål er avslutta, for dei klarer ikkje å vente på tur. Dei avbryt.

Diagnosen er resultatet av ei heilskapsvurdering og blir berre stilt dersom vanskane er så store at dei skaper problem for personen slik at han eller ho ikkje fungerer i fleire livssituasjonar, som for eksempel både på skulen og heime. Nokre av problema må ha starta før barnet fylte sju år, og dei må ha vart i minst seks månader. Ein deler ADHD i tre undergrupper, avhengig av typen symptom. Diagnosen blir vanlegvis stilt hos spesialist.

Teksten er ein del av faktasida om ADHD som ligg på sidene til Folkehelseinstituttet. Redaktør er Hanna Hånes. Du kan lese heile teksten ved å følgje lenkja under relasjonar.

Læringsressursar

Sosial utvikling

SubjectEmne

Fagstoff