Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Sosial utviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosialisering

Som individ blir vi sosialiserte inn i det samfunnet vi lever i. Først startar primærsosialiseringa, etter kvart tek sekundærsosialiseringa, som skjer i barnehage og på skole og arbeidsplass, over. I informasjonssamfunnet vi har i dag, speler gjerne trendsetjarar ei større rolle i identifiseringa for unge og vaksne menneske.

Kjønn, alder, kultur og sosial status påverkar deg som individ og er med på å forme identiteten din. Men korleis møter du som individ samfunnet som omgir deg? Og korleis tilpassar samfunnet seg til deg som eit unikt individ? Du har som individ fridom til å forme samfunnet du er ein del av, men har også eit ansvar som medlem av samfunnet.

Eit nyfødt barn møter verda for første gong med stort behov for tryggleik og omsorg, men må tidleg lære seg å samhandle med andre familiemedlemmer. Utviklinga av evna til å kommunisere gjennom språk og forståinga av rett og gale inngår i primærsosialiseringa, som går føre seg i familien. Ho byrjar i det første leveåret, samstundes med innlæring av rørsler og grunnleggjande motorisk dugleik.

Dei fleste barn i dag har gått i barnehage. Dette er ein ny arena for eit barn, som no må te seg i høve til andre barn på same alder og andre vaksne enn foreldra. Når du møter samfunnet utanfor familien, skjer sekundærsosialiseringa, til dømes gjennom barnehage, skolegang, venner og arbeid. Kanskje møter ein nye verdiar og må oppdage verda på nytt?

Kva innverknad foreldre og skole har på sosialiseringsprosessen for ungdom i dag, er meir tvitydig. Mange unge (og vaksne) samanliknar seg med menneske dei truleg aldri har møtt eller kjem til å møte. Dei speglar identiteten sin i idol og ideal i media, med ønske om å vere som trendsetjarane.

Utfordringar til deg

Oppgaver til sosialisering
  1. Søk på sosialisering på NRK Skole. Sjå filmane som de finn der.
  2. Forklar forskjellen på primærsosialisering og sekundærsosialisering.
  3. Forklar kva for sosialiseringsarenaer du har hatt i livet ditt, og korleis du trur dei har påverka livet ditt.
Oppgåver til filmen «Vennskap»
  1. Kva skal til for at du kan seie at eit miljø er godt?
  2. Diskuter påstanden om at dei store vennegruppene går ut over «mindre» vennskap som er nære og fortrulege?
  3. Kva for fordelar har det å ha ein bestevenn?
  4. Korleis vil du beskrive ein nær og fortruleg venn?
  5. Kva er meint med at venner må tole sigrane dine?
  6. Kva kan du finne ut om vennskap på sidene til Statistisk sentralbyrå?
  7. Jenta her seier at det har status å ha store vennegrupper. Diskuter denne ytringa.
  8. Kva er meint med at vennskap er sårbart?

Læringsressursar

Sosial utvikling

SubjectEmne

Fagstoff