Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Vekst og utvikling ChevronRight
  4. Sosial utviklingChevronRight
  5. Kvifor sosial kompetanse?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor sosial kompetanse?

Utviklinga av sosial kompetanse er viktig både i heimen, i barnehagen og i skulen. Det å kunne fungere saman med andre menneske er nødvendig både i yrkessamband og på det private planet.

Utdanningsdirektoratet har laga ein rettleiar for skulen som heiter «Utvikling av sosial kompetanse». Der skriv dei mellom anna:

«Sosial kompetanse er en grunnleggende
forutsetning for at barn og unge skal kunne
forholde seg til og handle i en sosial virkelighet,
hvor det i økende grad stilles krav til individuelle
ferdigheter og til individets plassering innenfor
fellesskapet.»

«Tidlig satsing på utvikling av sosial kompetanse kan være
viktig for at barn og unge senere skal fungere
godt på skolen, i det øvrige utdanningsløpet
og senere som ansvarsfulle voksne i arbeidslivet.
Sosial kompetanse legger også et grunnlag
for utvikling av demokratisk kompetanse
som er en nødvendig forutsetning for aktiv
deltakelse i samfunns- og arbeidsliv (St.meld.
nr. 16 s. 48).»

«For at barn og unge skal utvikle sosial kompetanse, må
imidlertid alle involverte aktører bidra i en
utviklingsprosess som må pågå kontinuerlig
og over tid.»

(Kjelde: Utdanningsdirektoratet)

Dette betyr at både barnehage og skule har ei sentral rolle som ein sosial læringsarena. Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein del av det arbeidet som skal gjerast.

Sosial kompetanse er individet si evne til å vere i samspel med andre i ulike situasjonar og omgivnader. Det seier noko om korleis barn og unge rettar seg etter einannan og forventningane i omgivnadene.

Barn og unge kan prøve ut og eksperimentere med sosiale ferdigheiter i leik og annan aktivitet saman med andre barn og vaksne. Å arbeide med sosial kompetanse er vesentleg for å kunne motverke mellom anna kriminalitet, vald, diskriminering og mobbing. I barnehage og skule må ein arbeide på ein måte som støttar dei sosiale ferdigheitene til kvar enkelt og i heile gruppa. Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein rollemodell i dette arbeidet. Tydelege og aktive vaksne er nødvendig for å skape eit godt og inkluderande miljø for barn og unge.

Utfordringer til deg

Oppgåver til «Kvifor sosial kompetanse?»
  1. Kvifor er det viktig med god sosial kompetanse?
  2. Kva kan vi førebyggje ved å utvikle den sosiale kompetansen til barn og unge?
  3. Kva rolle har du som barne- og ungdomsarbeidar i dette arbeidet?
  4. Korleis kan du gjennom arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar bidra slik at barn og unge får utvikla den sosiale kompetansen sin?

Læringsressursar

Sosial utvikling

SubjectEmne

Fagstoff