Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. Planlegging ChevronRight
  5. Kva er planlegging, og kvifor er det viktig?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er planlegging, og kvifor er det viktig?

Når vi planlegg, seier vi noko om kva vi ønskjer å oppnå i framtida, og korleis vi skal få det til. Planlegging er difor ein viktig del av kvardagen i alt pedagogisk arbeid. Når vi jobbar målbevisst og planmessig, får vi ofte utretta mykje, samtidig som vi får kvalitetssikra arbeidet vi gjer.

Planlegging. Tegning.

Mål

For å planleggje må du ha eit mål som definerer kva du ønskjer å oppnå. Målet bør vere ambisiøst, noko å strekkje seg etter, men også realistisk, slik at det er mogleg å nå målet.
Planen kan brukast som verktøy for å vurdere om målet er realistisk eller ikkje, fordi han gjer greie for korleis vi har tenkt å nå målet.
Gjennom planlegging vil vi kunne vurdere om det er mogleg å nå målet ut frå den tida og dei ressursane vi har tilgjengeleg. Planlegging blir eit verktøy for målstyring som skildrar vegen frå utgangspunktet til målet er nådd.

Oversikt

Planen bør seie noko om kven som skal utføre arbeidet, kva som skal utførast, når det skal utførast, korleis arbeidet skal utførast, og kvifor det skal utførast.
Dette gir oversikt og kan brukast som verktøy av alle vi involverer i planane. Ut frå planane kan vi måle om alle som er involverte i arbeidet, gjer som planlagt, og om arbeidet blir gjort i tide.

Undervegs

Ut frå planen kan vi når som helst i prosessen seie noko om korleis arbeidet ligg an, med omsyn til tidsplan og mål.
Planar gir oversikt og tryggleik fordi alle som skal bruke planane, veit kva dei skal gjere, og kva som er forventa av dei. Dette gjer prosessen føreseieleg. Planen hjelper oss å sjå samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.

Evaluering

Det er viktig å evaluere all verksemd for å kunne sjå om vi når måla våre. For å kunne evaluere og vurdere treng vi eit grunnlag, og planar og dokumentasjon på korleis dei er gjennomførte, er det beste grunnlaget.
Dersom ein plan skal gjennomførast som planlagt, er det ein fordel at alle som er involverte, har vore aktive og har delteke i planleggingsprosessen. Alle involverte må vere informerte om kva som skal skje, og gjennomføre planen som avtalt ved hjelp av dei metodane som er valde. På den måten kan vi evaluere om metodar og mål heng saman, og om dei planlagde og gjennomførte metodane er effektive for å oppnå målet.

Utfordringar til deg

  1. Kva bør du tenkje på når du set deg mål for ein aktivitet?
  2. Kva for element bør vere med for at planen skal gi ei god oversikt over korleis ein aktivitet skal gjennomførast?
  3. Korleis kan planen hjelpe oss å sjå samanhengar mellom aktivitetar, gjennomføring og mål?
  4. Kvifor ønskjer vi å evaluere ein aktivitet?

Læringsressursar

Planlegging

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter