Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. Planlegging ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Planlegging

Ulike planar er viktige verktøy for deg som barne- og ungdomsarbeidar. Du bør ha kunnskapar slik at du kan lage planar for aktivitetar du skal gjennomføre. Du må også kunne lese planar og gjennomføre aktivitetar ut frå planar som andre har laga.

Planlegging. Foto.

På dei neste sidene finn du fagstoff om ulike former for planar. Du finn også ein aktivitetsplanleggjar som hjelper deg når du skal planleggje.

Ungdomar som planleggjar. Foto.
Planlegging

Å planleggje er ein måte å seie noko om kva vi ønskjer å oppnå i framtida, og korleis vi skal få det til. Planlegging er difor ein viktig del av kvardagen i alt pedagogisk arbeid. Når vi jobbar målbevisst og planmessig, får vi ofte utretta mykje, samtidig som vi får kvalitetssikra arbeidet vi gjer.

Amendor

Læringsressursar

Planlegging