Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. ObservasjonChevronRight
  5. Føremålet med observasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Føremålet med observasjon

Når du les om observasjon og bruker kunnskapane dine i det praktiske arbeidet med barn og unge, blir du stadig ein betre observatør. Du må øve på å sjå det enkelte barnet og korleis det utviklar seg, samtidig som du skal sjå det enkelte individet som ein del av gruppa.

Rolla til fagarbeidaren

Når vi seier at vi skal observere kvart enkelt individ, er det mellom anna for å sikre at vi ser alle, og for at alle skal få merksemd. Enkelte barn og unge har ein mindre synleg plass i gruppa, medan andre tek mykje plass. Ei av arbeidsoppgåvene til deg som barne- og ungdomsarbeidar er å «fange opp» alle barn og unge som du jobbar med. Dette er med på å lage eit godt pedagogisk tilbod som er tilpassa kvart enkelt individ i gruppa.

Føremålet med å observere er å samle inn informasjon som fortel deg noko om

  • behov og utvikling hos barnet eller ungdommen
  • eventuell feilutvikling hos barn og unge
  • forholdet mellom barna og mellom dei unge
  • forholdet mellom vaksne og barn/ungdom
  • korleis miljøet verkar inn på livskvaliteten og utviklinga til barn og unge
  • korleis du skal lage planar og utføre pedagogisk arbeid
  • forhold som kan hjelpe deg til å vurdere eigen praksis
  • kva barnet ser ut til å trivast med

Mangelfull utvikling hos barn og unge

Observasjon er viktig for å oppdage mangelfull utvikling hos barn og unge på eit tidleg tidspunkt. Føremålet er då å kunne setje inn tiltak som gjer at individet held fram med å utvikle seg positivt.
Dersom det er nødvendig, må vi kontakte andre fagfolk som til dømes spesialpedagogar, logopedar og psykologar.

Observasjon som grunnlag for didaktisk planlegging

Når vi observerer, får vi verdifull informasjon som blir lagd til grunn for planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar for barn og unge. For å kunne sjå heilskapen i arbeidet må vi dele heilskapen opp og finne ut kva han er bygd opp av.

Eksempel: Tenk deg at heilskapen er alle dei 18 barna som går i barnehage på avdeling «Maurtua». Delane er kvart enkelt barn. For å vite korleis heile barnegruppa fungerer saman, må vi observere kvart enkelt barn samtidig som vi observerer heile gruppa. Heilskap–del–heilskap og så vidare.

For å forstå best mogleg heile det pedagogiske arbeidet som blir gjort for barn og unge, er observasjon eit viktig hjelpemiddel. Nokre gonger må vi konsentrere oss om delar av arbeidet og bruke den kunnskapen vi har, til å finne gode løysingar som verkar på heilskapen. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere med og observere både kvart enkelt barn og heile barnegruppa. Du skal sjå på dei enkelte delane i heilskapen, og saman med barn og andre vaksne bli medviten om korleis gruppa fungerer. Vi må heile tida veksle mellom å rette merksemda mot heilskapen og mot delar av det pedagogiske arbeidet vårt.

Objektiv observasjon

Når vi skal dele opplevingar eller uro med kollegaer eller foreldra til det barnet det gjeld, er det viktig at vi har eit grunnlag for det vi seier. Når vi kan vise til observasjonar og konkrete situasjonar, er det meir truverdig enn om vi berre synest eller meiner noko. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du prøve å vere så objektiv som mogleg i framstillinga di, og du må vere tydeleg på kva som er di tolking av observasjonen.

Evaluering

Observasjon dannar også eit grunnlag for å evaluere eit pedagogisk opplegg og eigen arbeidsinnsats.

Utfordringar til deg

  1. Kva er føremålet med observasjon?
  2. Korleis kan observasjon vere grunnlag for didaktisk planlegging?
  3. Kva meiner vi med heilskap–del–heilskap?
  4. Korleis kan du bruke observasjon i evalueringsarbeidet?

Læringsressursar

Observasjon

SubjectEmne

Fagstoff