Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. ObservasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Truverde

Når du skal observere, må du gå fram på ein slik måte at det du rapporterer frå observasjonen, er til å stole på. Rapporten din må vere truverdig. Skal observasjonane bli truverdige, må du konsentrere deg fullstendig om den situasjonen du skal observere.

gutt som ser på ei maur gjennom eit forstørrelsesglas. Foto.

Objektiv observasjon

Det er vanskeleg å observere på ein objektiv måte. Når vi får trening i å skildre ein situasjon og tolke han etterpå, blir vi flinkare til å skilje mellom det som skjer (skildring), og det vi opplever skjer (tolking).

Når du observerer, skal du først notere ned det du faktisk ser og høyrer, ikkje det du trur og meiner. Tolkingane dine kan vere ein viktig del av observasjonen, men dei skal komme for seg sjølv. Du skal greie å skilje mellom skildring og tolking.

Eksempel: Anne slår Knut i hovudet med ein leikebil. Knut græt.
Du skal altså ikkje ta med i skildringa av situasjonen at Anne er sint og Knut blir lei seg, sjølv om det er slik du tolkar situasjonen.

Mengda av sanseinntrykk vi får inn når vi observerer, er så stor at vi må konsentrere oss om det vi meiner er viktig. Det er lurt å avgrense observasjonen, slik at du kan konsentrere deg fullt om det du er ute etter.

Dersom du bestemmer deg for å observere «under føremiddagsmaten», får du ei nesten uoverkommeleg oppgåve. Bestemmer du deg derimot for å observere «barna si evne til å vente på tur» – under føremiddagsmaten – er oppgåva langt meir overkommeleg.

Når du avgrensar observasjonsområdet, er det lettare å få med det som er viktig, og observasjonen blir dermed meir truverdig.

  • Unngå synsing, skriv berre det du faktisk ser.
  • Ikkje bruk vurderande ord som snill, slem, kul og så vidare.
  • Noter berre det du ser eller høyrer.

Tolking

Når du skal tolke den eller dei observasjonane du har gjort, må du vere ryddig. Du gjer dine tolkingar, men dei treng ikkje å stemme med verkelegheita. Når det er naturleg å uttrykkje di eiga meining om situasjonen, må det gå klart fram at det er di tolking.

Dette kan du for eksempel gjere ved å skrive:
– Dette tolkar eg som ...
– Det såg ut som …
– Eg opplevde at ...

Tenk over begrepa skildring og tolking:

Skildring: Det som faktisk skjer.

Tolkning: Det eg opplever at skjer.

Utfordringar til deg

  1. Kva er skildring?
  2. Kva er tolking?
  3. Kvifor skal vi skilje mellom skildring og tolking?
  4. Kvifor er det viktig å avgrense observasjonsområdet?
  5. Kva gjer ein observasjon truverdig?

Læringsressursar

Observasjon

SubjectEmne

Fagstoff