Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. ObservasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Innsamling av personopplysningar

Det er viktig at du kjenner dei lovene og reglane som gjeld innsamling av personopplysningar. Lovverket blir stadig endra, og du må difor halde deg oppdatert. Når du samlar inn opplysningar om barn og ungdom, må du vere ekstra merksam. Barn har ikkje den same innsikta som vaksne om korleis opplysningar kan brukast og spreiast.

Lovar og reglar

Det er to hovudårsaker til at vi må vere ekstra forsiktige med opplysningar vi samlar inn om ein person:

  • Kravet til teieplikt

Teieplikta har strenge reglar når det gjeld opplysningar vi får om barn og unge. Dette gjeld også opplysningar vi får under observasjon.

  • Reglane for å samle inn og oppbevare personopplysningar

Alle som skal samle inn og oppbevare personopplysningar, må følgje personopplysningsloven med forskrifter.

For skule, SFO og barnehage gjeld spesielt §7–20 og §7–21.

Når du skal observere eit barn, må du anonymisere personopplysningane til barnet. Det er mange måtar å gjere dette på, men ein måte kan vere å bruke initialane til barnet og alderen på barnet då du observerte det.

Eksempel: Du skal observere Petter Larsen som er fem år og to månader gammal. Då kan du skrive P.L.g,5,2 for å anonymisere. P.L er initialane hans, g står for gut, og 5,2 er alderen.

Behandling av personopplysningane om barn i barnehagen og skulen er unnateke melde- og konsesjonsplikta. Vi skal likevel vere varsame når vi samlar inn opplysningar om barn og unge.

I tillegg kan du søkje på nettsidene til Datatilsynet. Der finn du mykje nyttig stoff om personvern i barnehage og skule, og du finn svar når du er usikker på korleis du skal handtere personopplysningar.

Lova om personopplysningar blei oppdatert i 2018 og på datatilsynet.no kan du finne sidene om barnehage og skole.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor har vi strenge reglar for innsamling av opplysningar om barn og ungdom?
  2. Gjer deg kjend på sidene til Datatilsynet.
  3. Kva vil det seie å ha teieplikt?
  4. Finn ulike måtar å anonymisere personopplysningar om barn på. Spør gjerne i ein barnehage eller ein skule om korleis dei gjer det der.

Læringsressursar

Observasjon

SubjectEmne

Fagstoff