Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. ObservasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Observasjon

Observasjon er eit viktig verktøy i det pedagogiske arbeidet med barn og unge.

En liten gutt ligger og ser på et timeglass. Foto.

Då du var elev på Vg1 helse- og oppvekstfag, arbeidde du kanskje først og fremst med observasjon faget yrkesfagleg fordjuping. Dette skuleåret skal du arbeide både med fagstoff og med praktiske gjennomføringar knytte til observasjon av barn og unge.

Sitat

Den sanne oppdagingsreisa handlar ikkje om å finne nye landskap, men om å sjå med nye auge.


Marcel Proust

Utfordringar til deg

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om observasjon? Diskuter kompetansemålet i klassen din.
  2. Lag eit tankekart som viser kva du kan om observasjon før du byrjar med dette emnet.
    – Samanlikne tankekartet ditt med fagstoffet frå Vg1 helse- og oppvekstfag. Er det fagstoff du treng å repetere?
    – Du kan ta fram tankekartet når du er ferdig med emnet. Kva har du lært?
  3. Kva tankar får du når du ser bileta på denne sida?
  4. Kva tilknyting har bileta til kompetansemålet?

Læringsressursar

Observasjon