Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. DokumentasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Dokumentasjon

Å dokumentere betyr å gjere synleg, underbyggje eller grunngi noko. Gjennom dokumentasjon kan vi få fram det vi har observert og utført i arbeidet. Nokre gonger kjem det òg fram kva som ikkje har blitt utført. Det er fleire måtar å dokumentere på.

Jente som held ein ringperm. Foto.

Dokumentasjon handlar om følgjande tema:

  • Kva er dokumentasjon?
  • Kva er dokumentasjonsplikt?
  • Kva er hensikta med å dokumentere er?
  • Kva kan vi lære av å dokumentere i yrkesfagleg fordjuping?

Dokumentasjon i nokre yrke

I ditt framtidige yrke vil du få ansvar for dokumentasjon. Døme på dokumentasjon i nokre yrke:

Barne- og ungdomsarbeidaren

Barne- og ungdomsarbeidaren dokumenterer kva barn og unge opplever og lærer i barnehagen, på skolen, på SFO eller i ungdomsklubben. Skriftleg dokumentasjon i form av vekeplan og vekesluttbrev til foreldra viser kva aktivitetar som er planlagde, og korleis dei blei utførde. Gjennom fotografi og videoopptak blir kvardagen dokumentert. Framføringar, konsertar og utstillingar dokumenterer kva barna har arbeidd med, og kva dei meistrar. I tillegg blir utviklinga og samspelet til kvart enkelt barn dokumentert skriftleg. Dokumentasjonen kan òg innehalde teikningar og fotografi.

Helsefagarbeidaren

Ein helsefagarbeidar fører skriftleg rapport i journalen til brukaren over kva han eller ho har observert om helsetilstanden til pasienten. Dette kan til dømes vere at ein brukar har feber. Vidare beskriv og grunngir helsefagarbeidaren kva tiltak han eller ho har sett inn i samband med dette. Det finst òg ulike planar og skjema som helsefagarbeidaren bruker for å dokumentere jobben som er utført.

Ambulansearbeidaren

Ein ambulansearbeidar dokumenterer helsetilstanden til pasienten skriftleg i ambulansejournalen fortløpande under heile oppdraget. Dette kan vere observasjonar om pulsen til pasienten, blodtrykket og allmenntilstanden. Ambulansefagarbeidaren noterer eventuelle endringar i helsetilstanden og kva tiltak som blir sette inn.

Helsesekretæren

Ein helsesekretær noterer i pasientjournalen kva som har blitt sagt og bestemt når ein pasient har teke kontakt per telefon. Vidare skriv helsesekretæren ned kva tiltak han eller ho har sett inn i direkte kontakt med ein pasient eller kunde.

Hudpleiaren

Ein hudpleiar fører kartotekkort som dokumentasjon for kvar kunde. På kartotekkortet skriv hudpleiaren opp informasjon om huda til kunden, helserelaterte forhold ein må ta omsyn til, og utførd behandling.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie å dokumentere?
  2. Kva er eit kartotekkort?
  3. Kva er ein journal?
  4. Finn fleire døme på korleis dokumentasjon blir utført i ulike yrke i utdanningsprogrammet.

Læringsressursar

Dokumentasjon