Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. MusikkChevronRight
  5. Døme på ei god samlingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Døme på ei god samling

Forslag til samlingsstund med musikk. Dette kan brukas i YFF faget, i anna praksis eller for dei som jobbar i barnehage.

Rammefaktorar

Eige musikkrom med gitar og piano, ein boks rytmeinstrument, CD-spelar, CD-plater, songbøker og eigne puter som barna sit på. Talet på barn og vaksne: ti barn i alderen tre til fem år og to vaksne, og ein av dei vaksne speler gitar.


INNHALD
MÅL/KVIFOR KORLEIS
KVEN
Velkomstsong
«Morn, morn, morn jeg heter …»
  • Vi lagar ein god start på samlinga.
  • Vi ønskjer kvart enkelt barn velkommen.
  • Vi lar kvart enkelt barn vere midtpunkt og bli sett.
Den vaksne plasserer alle barna på kvar si pute i ein halvsirkel, ønskjer alle velkommen og syng eit velkomstvers til kvart enkelt barn der namnet til barnet blir sunge.Kari som har samling, og som speler gitar.
Song 1
«Lille Petter edderkopp»
  • Barna skal ha felles merksemd retta mot edderkoppen.
  • Vi konsentrerer oss om tempo og dynamikk. Barna skal oppleve omgrepa stor og liten, sterkt og svakt.
  • Vi leikar med tempo og stemmeleie.
Den vaksne bruker drama som metode, der edderkoppen ligg gøymd i ei kiste og lagar masse lydar – sterke og svake lydar som liknar på snorking. Den vaksne må dikte og dramatisere ei lita forteljing for å fengje barna. Til dømes kan den vaksne la barna bli med på å vekkje edderkoppen for å gjere det spennande.

Den vaksne syng songen fort og med lys musestemme, som den vesle edderkoppen, og veldig sakte med djup bjørnestemme.
Den vaksne leier samlinga.
Song 2
«Tomba tomba»
  • Barna skal få lære songen.
  • Barna får spele på rytmeinstrument.
  • Heile gruppa er i samspel.
  • Vi jobbar med grunnslagskjensle og puls.
Den vaksne syng songen for barna, og barna hermar.
Etterpå får kvart barn eit rytmeinstrument.
Barna får beskjed om å leggje instrumentet framfor seg på golvet og ha hendene i fanget. Når den vaksne gir signal, tek barna opp instrumenta og hermar etter den vaksne.
Den vaksne leier med grunnslagskjensla. Syng og spel songen tre eller fire gonger. Nokre stader kan ein spele sterkt, andre stader svakt. Når ein er ferdig, skal barna leggje instrumenta framfor seg på golvet.
Avslutning med
felles song og lytting til musikk
  • Vi markerer at samlinga skal avsluttast.
  • Vi roar ned og lyttar til god musikk.
Barna held kvarandre i hendene i ein sirkel, og vi syng songen «Ikke mere musikk» eller ein annan fast avslutningssong.

Barna legg seg på golvet på ryggen med hovudet på puta og lèt att auga. Den vaksne set på ein god CD med roleg musikk. Ein kan sløkkje lyset i rommet.
Barna ligg roleg i om lag tre minutt.

Læringsressursar

Musikk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter