Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. MusikkChevronRight
  5. Kvifor er song og musikk viktig for barn og unge?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor er song og musikk viktig for barn og unge?

Musikk er eit språk barnet er fødd med. Som nybakt mamma og pappa snakkar du med og du syng for det nyfødde barnet ditt. Ved å kommunisere ved hjelp av song og «babbel» opplever barnet ein måte å vere i relasjon med andre på, og barnet kommuniserer med andre menneske på den måten. Musikk er ei kjelde til glede og energi, og ein kan bruke musikken på ulike måtar.

Barn som speler djembe. Foto.

For å roe ned

Musikk er med på å skape ei stemning. I barnehagen er det vanleg med kvilestund eller avslapping for dei minste. For å få barna til å kvile kan vi godt bruke avslappande musikk. Vi ser at barna lèt att auga, slappar av i kroppen og blir prega av det dei høyrer. Mange bruker også fallskjerm i slike settingar. Barna ligg på golvet med ansiktet opp og får høyre avslappande musikk medan dei ser på fargane i fallskjermen som svaiar opp og ned og lagar behageleg luft i ansiktet til barna.

For å skape fart og rørsle

Vi ønskjer at barna skal få utvikle seg og bruke kroppen sin. Musikken kan vere med på å nå ulike mål ein har for å fremje ulike typar utvikling. Døme på dette kan vere i gymsalen, der barna skal stimulerast til å krype, krabbe, åle, hoppe, springje og klatre. Då kan ein spele musikk som fremjar raske og aktive rørsler. Raskt tempo og mykje rytme i musikken skapar energi i kroppen, og barna opplever meir glede ved rørslene.

Sosiale relasjonar og meistring

Musikken i seg sjølv gir ei glede, men han bringar med seg mykje meir. Gjennom musiske aktivitetar gjer barn og vaksne noko saman. Barna blir sosialiserte inn i ei gruppe, og dei lærer seg dei sosiale reglane som er gjeldande når vi er saman med andre menneske. Gjennom å få spele på ulike instrument i orkester eller som solist opplever barna meistring. Når barn meistrar, aukar sjølvkjensla deira – «eg kan» og «eg klarer». I musikkulturen i barnehagen er det ikkje det avsluttande produktet som er sentralt. I musikk er du personleg skapar av noko der og då, og det er det sentrale. I tillegg kjem opplevinga og responsen av det du skaper, frå andre.

Språkstimulering

Ein kvardag i barnehagen kan vere fylt med mange kulturar, ulike språk og fleire nasjonalitetar som skal møte kvarandre i ei eller anna form for kommunikasjon. Musikk er eit verdsspråk med variasjonar innanfor kulturen sin. Gjennom musikk greier vi å møte dei ulike kulturane i eit rom med felles glede og forståing, for dette kan alle ta del i. Det å ha eit felles språk som gir barn ei kjensle av å vere like, meistre likt og ha ei positiv oppleving i ein fellesskap, er viktig for barnet. Vi har alle ei kjensle av puls og oppfatning av rytme, og dans kan vere noko vi har sams.

Språket til eit lite barn er i enorm utvikling dei første åra, og barn lærer ved hjelp av imitasjon frå miljøet rundt dei. Musikk inneheld element som vi meiner er viktige når vi skal lære barn språk. Eit ord og ei setning har ei oppbygging som inneheld rytme, tempo og dynamikk. For barn som skal lære eitt eller fleire språk, vil musikken vere eit godt hjelpemiddel til å fremje god språkutvikling. Vi kan spele på rytmeinstrument, og til dømes er dei afrikanske djembane populære blant store og små. Her lyttar vi til rytmen i ordet, farten på rytmen, tullar med ord og lagar andre ord med eigen rytme. Det er noko alle kan vere ein del av. Barn føler at dei meistrar – og når barnet meistrar, gir det ei god sjølvkjensle, og barnet har det bra.

Musikk, ei oppleving og ein kulturarv

I Rammeplan for barnehagen er musikk ein del av eit emne ein kallar kunst, kultur og kreativitet. Fagområdet femnar om det å få eit mangfald av mogelegheiter for sansing, opplevingar, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Barnehagen kan formidle ulike sjangrar og kulturar innanfor faget musikk. Det å gi barn kjennskap til jazz, klassisk, pop, rock og folkemusikk er ein del av kulturarven vår.

Musikk er ei oppleving i seg sjølv!

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan musikk vere med på å fremje ei stemning?
  2. Beskriv korleis du vil bruke musikk til fysisk aktivitet og rørsle.
  3. Kva betyr det at musikken i seg sjølv gir glede?
  4. Kva har musikk å seie for språkutviklinga til barn? Forklar.
  5. Korleis kan vi bruke musikk for å gi barna meistringskjensle?
  6. Kvifor er det viktig at barna får kjennskap til ulike musikksjangrar?

Læringsressursar

Musikk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter