Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. MusikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Musikk

Song og musikk er viktig i liva til barn og unge. Vi omgir oss med rytmar, song, tonar og musikk kvar dag. Som barne- og ungdomsarbeidar har du behov for å vite noko om musikk og korleis du kan bruke det i leik og læring med barn og unge.

gutt som spiller xylofon

Tralala… «Kom og kjøp, sukker og løk!» Du har vel høyrt barna som leikar og syng, som hoppar og dansar, og som ikkje greier å vere rolege når dei høyrer musikk?

«Musikk gir universet sjel, han gir sinnet vengjer, fantasien flukt, alvoret sjarm, han gir glede og liv til alt.» (Sitat av Platon)

Tenk over

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen seier at du skal lære om musikk? Diskuter kompetansemåla i klassen.
  2. Lag eit tankekart som viser kva du kan om musikk før du begynner med dette emnet. Ta fram tankekartet når du er ferdig med emnet, og finn ut kva du har lært.
  3. Kva tankar får du når du les sitatet på denne sida? Bruk sitatet og bileta på sida til inspirasjon og skriv ein tekst om barn og musikk.

Læringsressursar

Musikk