Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LeikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konfliktar i leiken

Når barn leikar saman, kan dei kome opp i konfliktar. Dei som leikar, kan bli usamde om noko. Det kan til dømes vere at eit barn tek noko frå eit anna, at nokon øydelegg noko eit anna barn byggjer, eller at barna er usamde om reglane for leiken.

Når det oppstår ein konflikt, blir det eit brot i leiken. Barna går ut av leiken og inn i ein konflikt. Vi ønskjer då å løyse konflikten så barna finn att flyten og gleda ved leiken. Ein leik bør vere gjensidig og meir prega av samarbeid enn av konflikt.

Barn som prøver å bestemme meir enn andre i leiken, som dyttar andre eller tek ting frå andre, kan bli upopulære. Dei andre barna kan synast at dei øydelegg leiken. Dette kan vi vaksne fange opp ved å observere leiken til barna. Vi kan hjelpe barna med å finne løysingar i fellesskap, og også rettleie dei barna som kjem i konflikt med andre barn. Ved å delta aktivt i leiken til barna kan vi hjelpe dei med å finne andre måtar å gjere ting på.

Dersom eit barn ofte tek noko ut av hendene på andre barn og av den grunn blir oppfatta negativt, så kan vi snakke med barnet om det. Vi kan forklare kva det gjer med leiken, og vise barnet korleis det kan spørje om å få låne ting som andre har. Vi kan lære barnet å vente på tur, finne andre ting å leike med når dei ikkje får det dei vil, og også hjelpe dei med å akseptere at andre seier nei til å låne bort noko dei er opptekne med. Dette kan ta litt tid, og det krev at dei vaksne må vere tolmodige. Vi må også lytte til det barnet har å seie, og til dei tinga barnet opplever som negativt. Når vi klarer å skape ein god og tillitsfull relasjon til barnet, har vi høve til å hjelpe det.

Vi bør også vere merksame på barn som er meir passive, eller som ikkje klarer å kome inn i leiken med andre barn. Vi kan følgje med på kva dei liker, snakke med dei om det, invitere dei med på ulike aktivitetar og hjelpe dei inn i leiken med dei andre barna.

Det er vanleg at det oppstår konfliktar når barn leikar. Det viktigaste er at vi vaksne er til stades, ser og observerer det som skjer, og hjelper barna slik at dei får løyst konflikten på best mogleg måte. Då kan dei også lære noko om å handtere konfliktar og usemje sjølve også.

Utfordringar til deg

  1. Gi døme på konfliktar som kan oppstå når barn leikar.
  2. Korleis kan vi som vaksne oppdage konfliktane?
  3. Kva kan vi gjere når det oppstår ein konflikt?
  4. Korleis kan vi rettleie barna til å løyse konflikten sjølv?
  5. Lag eit rollespel i klassen der det oppstår ein konflikt mellom nokon som leikar. Byt på å vere den vaksne, og prøv å rettleie barna som kranglar. Korleis opplever de det? Kva lærer de?

Læringsressursar

Leik

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lek i gamle dager

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Breakedilla

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Munking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rattkjelke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff