Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LeikChevronRight
  5. Rolla til den vaksne i leikenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rolla til den vaksne i leiken

Fagarbeidaren, vikaren, barnehagelæraren eller andre er her omtalt som "den vaksne". Vaksne kan ha mange ulike funksjonar og roller i leiken til barn. Dei vaksne er ansvarlege for det fysiske miljøet som barn oppheld seg i, og det er difor dei som legg til rette for at barn skal kunne leike, utforske og utfalde seg på ein naturleg og trygg måte.

Ungar leikar på ein leikeplass

Ansvar for tryggleiken

Å leggje til rette for leik kan til dømes innebere å fjerne farlege ting frå leikeplassen til barna, sørgje for at leikemiljøet er godt og trygt, og passe på at barna har leiker som er tilpassa alderen og interessene deira. Dette kan du lese meir om under «Leikeplassutstyr» og «Sikkerheit på tur».

Vaksne kan også vere med på leiken til barna og svare på invitasjonane til leik som barna kjem med. Då er det viktig at den vaksne lèt barnet styre leiken og gir positiv respons på påfunna og fantasien til barnet. Til dømes kan barnet gi den vaksne ei rolle – «du er ein politimann» – eller barnet finn på «reglar» for leiken.

Initiativ

Vi vaksne kan også ta initiativet til leik og invitere barna med på ulike typar leik, eller vi kan foreslå ein leik for barna. Når vi ser at eit barn ikkje kjem inn i leiken på eiga hand, kan den vaksne hjelpe barnet inn i leiken. Det er viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar har gode kunnskapar om leik, og at du kan vere med i eller leggje leiken til rette for å støtte desse barna.

Observere leiken og hjelpe til

Vi kan observere leiken til barna for å sjå om det er nokon av dei som fell utanfor, eller som av andre grunnar ikkje klarer å vere med på leiken til dei andre. Vi kan også sjå etter om nokon av barna oppfører seg på ein slik måte at det forstyrrar eller øydelegg leiken, til dømes ved å slå, ta ting frå andre og liknande. Samtidig må vi hugse at observasjonar av leiken til barn ofte gir oss positive signal om kva barn kan. Å observere leiken til barn kan gi oss nyttig informasjon om utviklinga deira, og dette er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen og skulen.

Utfordringar til deg

  1. Kva rolle tek du oftast som vaksen når du leikar med barna? Gi døme.
  2. Kva roller kan den vaksne ha i leiken til barna?
  3. Kvifor er det viktig å observere leiken til barna?
  4. Korleis kan vi bruke observasjonane av leiken til barna i det pedagogiske arbeidet i barnehage og skule?
  5. Kva informasjon kan observasjonar av leiken til barn gi oss?

Læringsressursar

Leik

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lek i gamle dager

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Breakedilla

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Munking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rattkjelke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff