Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LeikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike typar leik

Vi kan dele leiken til barn i ulike typar. Dei går lett over i kvarandre, og barn kan skifte raskt frå ein type leik til ein annan. Det er viktig å hugse på at dette er kategoriar som vaksne har laga – ikkje noko barn tenkjer på når dei leikar.

Fire barn som sit på golvet og leikar. Foto.

Rolleleik:

Barn liker å spele roller og late som om dei er ein annan – det kan vere mor eller far, politi eller røvar, ein hest eller ein hund, ein person i butikken, ein figur dei har sett på tv eller i teatret – som til dømes kaptein Sabeltann, byggmester Bob eller ein annan figur. I denne typen leik prøver barn ut ulike måtar å vere, snakke og oppføre seg på, og dei hentar inspirasjon til leiken og fantasien frå andre menneske og ting dei ser rundt seg.

Fysisk leik

Mykje av leiken til barna handlar om å springe rundt, klatre på noko, skli ned ei sklie, huske, hoppe av huska og gjere andre fysiske ting. Det å bruke kroppen til noko som er spennande og utfordrande, er for dei fleste barn morosamt.

Konstruksjonsleik:

Her byggjer barna noko, anten det er med lego, klossar, sand, plastilina eller noko anna. Dei kan byggje etter ei bruksrettleiing, som når dei bygg lego, eller dei kan byggje heilt fritt etter fantasien. Her får dei brukt finmotorikk og systematisk tenking til å konstruere det dei ser føre seg.

Regelleik:

Nokre typar leikar er meir styrte av reglar og har konkrete mål. Mange spel, til dømes brettspel, eller meir fysiske spel som fotball, kanonball og boksen går, har konkrete reglar og eit mål. Yngre barn har gjerne eit meir fleksibelt forhold til reglane, og målet er snarare å ha det moro enn å følgje dei. Ofte vil barn som speler i lag, finne på reglar undervegs, eller dei endrar reglane for å ha det moro. Somme spel krev at barna følgjer reglane heilt nøyaktig, og då kan vi stille spørsmål ved om det framleis er ein leik – i alle fall etter den definisjonen vi har gitt tidlegare.

Songleikar:

Barn liker ofte å syngje, og det finst mange leiker og regler som er bygde opp rundt song. Ofte lærer barna desse av vaksne, og bruker dei sjølve i sin eigen leik. Særleg er det morosamt for barna når dei endrar på teksten og finn på noko sjølv.

Digital leik:

Dataspel har blitt meir populære, også for stadig yngre barn. Det er viktig at barn, og då særleg eldre barn og ungdom, har det vi kallar digital kompetanse. Då er dei vande til og komfortable med å bruke data og andre tekniske hjelpemiddel – og ikkje minst kan dei tolke og forstå medieverda. Utfordringa med denne typen leik er at han for somme kan vere så stimulerande at dei mistar interessa for annan leik. Dei blir avhengige, og det kan bli eit problem for somme. Når eit barn, ein ungdom eller ein vaksen har eit tvangsprega forhold til speling, kan vi ikkje lenger kalle aktiviteten ein leik. Då er personen i ein tilstand der han eller ho er avhengig av å spele, og det er ikkje positivt for han eller henne. Det er også viktig å hugse på at denne typen leik – dei fleste digitale spel – gir ei anna og meir avgrensa sosial samhandling, og lite fysisk aktivitet. Sjølv dei såkalla sosiale media gir mindre sosial samhandling og menneskeleg kontakt, for vi har ikkje levande menneske med kroppsspråk og ansiktsuttrykk framfor oss.

Utfordringar til deg

  1. Kva er rolleleik? Gi døme på ein rolleleik du har observert.
  2. Kva utviklingsområde bruker barna hovudsakleg når dei bygg lego? Kva kallar vi denne typen leik?
  3. Kva må barna kunne for å leike regelleikar? Gi døme på ulike typar regelleikar.
  4. Kva songleikar leika du sjølv som barn?
  5. Kva er digital kompetanse?
  6. Kva utfordringar kan vi møte når det gjeld barn og digital leik?
  7. Kva kjenneteikn har leiken, og når kan vi seie at ein leik ikkje lenger er leik?

Læringsressursar

Leik

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lek i gamle dager

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Breakedilla

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Munking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rattkjelke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff