Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LeikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor er leiken viktig for barn?

Leik har ikkje alltid vore sedd på som viktig verken av vaksne flest eller av fagpersonar. Tidlegare snakka ein gjerne om leik som noko uviktig, som ein slags «tull og tøys» som barna dreiv med. Det var iallfall ikkje like viktig som det dei vaksne heldt på med.

Barn leker med båt i sand. foto.

Forsking på utviklinga til barn

I dei siste tiåra har det vore forska mykje på leik, og vi veit i dag at leiken er veldig viktig for mange sider ved utviklinga til barnet. Til dømes er det at barnet leikar, eit teikn på at barnet er sunt både mentalt og fysisk. Det er også eit teikn på at noko ikkje stemmer dersom barnet sjeldan eller aldri leikar.

Ulike utviklingsområde

Det har vore fokusert mykje på leik i barnehagar, men etter kvart også i skulen. Vi veit i dag at leiken kan stimulere alle sidene ved utviklinga til barnet, både den språklege, sosiale, emosjonelle, kognitive, moralske og motoriske utviklinga. Leiken er også med på å utvikle kreativiteten og evna til å løyse problem, og barnet lærer noko om korleis verda fungerer både sosialt og fysisk.

Eit barn kan til dømes eksperimentere med å sleppe noko ned på bakken eller kaste noko. Det finn då ut at tingen dett i bakken, og kanskje at noko går i stykke eller sprett. Når barnet leikar med andre barn eller vaksne, lærer det korleis ulike menneske reagerer på ulike ting som skjer i leiken. Det kan vere at nokon slår seg, ler av det som blir sagt eller gjort, blir sinte eller lei seg. Dei lærer å ta initiativet sjølve, finne på historier og aktivitetar, og å følgje påfunna og ideane til andre. Barnet lærer også å forhandle om kva reglar som skal gjelde i leiken, kven som skal gjere kva, korleis dei skal dele på leiker og så vidare.

les meir

Meir kunnskap om leik

Sjølv om vi i dag veit mykje om leik og generelt sett har eit meir positivt syn på leik, finst det også krefter og tendensar i vår tid som kan redusere og avgrense dei høva barn har til å leike fritt ut frå sin eigen motivasjon, eigen kreativitet og eigne interesser. Det er til dømes mange som ønskjer at også barnehagane i større grad skal fokusere på å lære barna akademiske ferdigheiter som lesing og matematikk. Det er ikkje nødvendigvis noko gale i seg sjølv, men måten det blir gjennomført på, kan i somme tilfelle redusere den tida barna har til fri leik. Di fleire aktivitetar dei vaksne ønskjer at barna skal bruke tida på, og di meir dei vaksne styrer aktivitetane, di mindre tid har barna til fri leik. Når vi prøver å få barna til å øve seg i ferdigheiter gjennom ulike former for leik, er leiken framleis styrt av ein vaksen og ikkje av barna sjølve.

Endringar i måten barn bruker tida på

I dag bruker barn frå dei er ganske små stadig meir tid framfor ein eller annan slags skjerm, anten det er fjernsynet, datamaskinen, eit tv-spel, ein mobiltelefon med spel eller liknande. Dette er ei form for aktivitet der barnet er mindre fysisk aktivt enn det er i vanleg leik. Rett nok er ikkje barnet heilt passivt når det ser tv. Det følgjer med og tolkar det det ser, men det sit stille, og det følgjer eit hendingsforløp som andre har laga. Barnet kan heller ikkje gjere noko for å påverke det som skjer på skjermen, og skjermen gir ingen respons på opplevingane, initiativa, tankane og kjenslene som barnet gir på det som skjer. I dataspel er det litt annleis. Då styrer barnet meir sjølv, men «handlinga» er likevel sterkt strukturert av spelet, og barnet kan ikkje i særleg grad påverke reglane og handlingsforløpet.

Barn lærer ikkje like mykje språk av å sjå eit menneske som snakkar frå ein skjerm, som av å ha eit ekte menneske i lag med seg som er oppteke av det barnet held på med.

Verne den frie leken

Det er viktig å vere merksam på det vi har nemnt ovanfor, slik at vi kan «verne» den naturlege, aktive og eigenmotiverte leiken til barna. Det kan vi gjere ved å formidle ei positiv haldning til fri leik både overfor barna og andre, ved å unnlate å gripe unødvendig inn og styre leiken til barna, og ved å ha nok tid til å la barna leike på eige initiativ, ut frå sine eigne interesser og sin eigen fantasi.

Utforske verda

I leiken går det absolutt an å eksperimentere. Det er mange ulike måtar å uttrykkje seg på, og mange ulike måtar å gjere ting på. Den frie leiken til barna er ikkje styrt av reglar dei vaksne har sett, eller forventningane dei vaksne har til korleis ting skal gjerast. Dette gjer at barna får oppleve å ha kontrollen og ta initiativet sjølve. Dei kan følgje sine eigne impulsar og idear utan å blir styrte og leidde i så stor grad som dei blir når vaksne bestemmer kva som skal skje. Dette er viktig for at barna skal få utvikle si eiga sjølvoppleving.


Fri leik, ut frå eigen motivasjon og eige initiativ

Leik er først og fremst noko barnet opplever som morosamt og gledesfylt – noko barnet har lyst til å gjere av eigen fri vilje. Leiken byggjer på initiativ frå barna, anten dei set han i gang sjølv, eller har lyst til å vere med på noko andre inviterer til. Barnet tenkjer ikkje at «no lærer eg noko», eller «no er eg flink», og det opplever noko vi kallar «flyt». Flyt er når barnet har liten indre motstand, kan gløyme seg sjølv og berre vere til stades i aktiviteten. Barnet har ei sterk oppleving av fridom og kan utfalde seg fritt.

Utfordringer til deg

  1. Kan du gi døme på at leik er viktig for barn?
  2. Kva utviklingsområde blir stimulerte når barn leikar?
  3. Korleis kan barn utforske verda gjennom leiken? Kom gjerne med døme.
  4. Kvifor er det viktig at leiken skjer etter initiativ frå barnet?
  5. Kan du forklare kva «flyt» er?
  6. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar leggje til rette for at barn skal få leike?
  7. Korleis har leikemønsteret til barn endra seg frå tidlegare til i dag?
  8. Gjer deg kjend med videoane om korleis leiken til barn utviklar seg, som ligg i lenkjesamlinga.
  9. Gå til Forskning.no og søk på «leik». Les nokre av tekstane du får opp der. Diskuter innhaldet i klassen.

Læringsressursar

Leik

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Lek i gamle dager

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Breakedilla

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Munking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rattkjelke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff