Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LitteraturChevronRight
  5. Kva er ei god barnebok?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er ei god barnebok?

Utgangspunktet vårt er at ei god bok er ei bok som eignar seg godt til bruk i ein pedagogisk samanheng.

Bokhylle.Foto.

Kriterium for ei «kvalitetsbok»

Enkelt og kort sagt er kriteria for kva som er ei god bok, avhengig av

  • kva ho skal brukast til (formidle innhaldet, gi barna inntrykk)
  • kvifor du vil bruke akkurat denne boka (formålet med å bruke boka, målsettingar)
  • korleis du vil bruke boka (måten du ønskjer å formidle bodskapen på, metodar)

Dersom boka inneheld det som skal formidlast (innhaldet i planane til verksemda), og du meiner at akkurat denne boka tek dette opp på ein god måte, og boka eignar seg til å formidle denne bodskapen til dei barna som du har ansvar for (tilpassa utviklinga deira), då har du funne ei god bok til pedagogisk bruk.

Korleis går vi fram når vi søkjer etter kvalitetsboka?

Først og fremst må vi lese boka sjølve. Når vi les gjennom boka, kan vi nytte oss av analyse som ein vurderingsreiskap. Elles kan det vere nyttig å sjå etter om teksten og eventuelle bilete er oversiktleg og tydeleg presenterte. Gjentakingar og overdrivingar som driv handlinga framover, er også kriterium som vi bør sjå etter i ei god bok for barn og unge.

Ein måte å vurdere bøker på

Det finst mange måtar å vurdere ei bok på. Vi seier gjerne at vi analyserer boka når vi skal vurdere henne. Det vi då gjer, er å ta for oss dei ulike sidene ved boka og undersøkje dei nærmare. Vi kan til dømes ta for oss desse sidene ved ei bok:

  • type og sjanger
  • tema og handling
  • person- og miljøskildring
  • språk og stil
  • bodskap

Læringsressursar

Litteratur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Biblioteket

  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 0-1 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 1-5 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Leselyst

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff