Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LitteraturChevronRight
  5. Kva bok skal vi lese i dag?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva bok skal vi lese i dag?

Som ein av dei vaksne i personalgruppa og som fagarbeidar har du ansvaret for å velje ut dei inntrykka som barna og dei unge skal få oppleve.

Gut som leitar i ei stabel med bøker. Foto.

Dette omfattar også dei litterære inntrykka dei skal få oppleve. Dette ansvaret går blant anna ut på å velje litteratur som skal hjelpe deg i å nå dei måla som er nedfelte i lovar, reglar og planar for verksemda.

Ofte er det barnet som vel kva bok de skal lese. På denne sida handlar det derimot om dei vala du som barne- og ungdomsarbeidar må ta når du skal finne bøker til barna.

Mangfald

Barn og unge bør ha tilgang til eit mangfald av gode bøker. Bøker skaper ofte diskusjon, og ei bok som somme vurderer som god, provoserer eller blir forkasta av andre. Dersom du vel å bruke bøker som kan skape stor diskusjon, bør de diskutere det i personalgruppa, og kanskje også med foreldra.

Kjønnsroller

Du bør vere medviten om kjønnsaspektet når du vel bøker. Vel bøker som framstiller både gutar og jenter i ulike roller. Du må vere bevisst for å finne bøker med gutar eller menn i tradisjonelt sett feminine roller, på same måten som det krev ein del å finne bøker der jenter har helterolle.

Kulturar

Dersom du har eitt eller fleire barn med annan kulturbakgrunn enn den norske i barnegruppa, bør det vere tilgang til gode bøker om eller frå denne kulturen. Det same gjeld for ulike livssyn og religionar.

Språk

Når du vel bøker, vel du også kva språk barna/dei unge skal møte:

  • Barn bør få lese bøker både på bokmål og nynorsk.
  • Barn med eit anna morsmål må kunne finne bøker også på dette språket.
  • Barn bør tidleg møte bøker med engelsk språk.
  • Språk seier også noko om haldningar, og dette bør du vere bevisst på du vel bøker.

Læringsressursar

Litteratur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Biblioteket

  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 0-1 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 1-5 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Leselyst

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff