Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LitteraturChevronRight
  5. Å lese for dei aller minsteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å lese for dei aller minste

Det er forholdsvis nytt at vaksne les for dei aller minste barna. For 30 år sidan var det få som las for barn under eitt år. I dag tenkjer mange at det er viktig å starte tidleg med å lese for barn. Å lese bøker er ein viktig aktivitet på småbarnsavdelingane i barnehagane.

Pappa leser saman med ein liten gut. Foto.

Det å setje seg med eit barn på fanget og lese ei god bok er ein fin aktivitet både for barnet og den vaksne. Å lese er ein viktig del av samspelet mellom deg og barnet. Ei god lesestund kan gi ro, tryggleik og avspenning. Prøv derfor å setje av litt tid til lesing kvar dag.

Dei minste barna har blant anna glede av

  • å høyre stemma til den som les
  • å kjenne kroppskontakt med den personen som barnet sit saman med
  • å sjå på bilete
  • å kjenne på, og for dei minste også å smake på, bøkene
  • å høyre rim og regler
  • å sjå samanhengen mellom ord og bilete, for eksempel i peikebøker

Å velje bøker til dei minste

  • bøker med korte rim og regler
  • songbøker – gjerne med bilete i tillegg til songane
  • peikebøker for dei minste – du peiker og seier ordet som høyrer til, etter kvart seier barnet ordet sjølv også. Peikebøker er gode utgangspunkt for samtalar.

Eksempel frå peikebok med bilete av ein gris:
Kva er dette?
Ja, det er ein gris :-)
Kva seier grisen?
(Lag griselydar saman)
Kvar bur grisen?
Bur han i fjøset?
Kva andre dyr bur der?
... og slik kan vi halde fram – alt etter kor gammalt barnet er

  • Dersom barna skal få leike med bøkene, bør bøkene ha tjukke sider og tole meir enn bøker for større barn. Barn i denne aldersgruppa blar ofte litt uforsiktig, og for nokre er det også aktuelt å smake på bøkene.

Utfordringar til deg

  1. Tenk deg at du skal lese for barna på ei småbarnsavdeling. Korleis vil du ha gjere det?
  2. Besøk eit bibliotek og finn ut kva for bøker dei har for barn under tre år. Lån ei bok kvar. Lag eit pedagogisk opplegg for å bruke av denne boka. Presenter eller gjennomfør det du har planlagt, for klassen din og få ei tilbakemelding på arbeidet.
  3. Kva kjenneteiknar ei god bok for barn i denne aldersgruppa?
  4. Sjå filmen om språkutvikling.
    Lag eit kort foredrag om korleis bøker kan påverke språkutviklinga hos dei minste barna.
  5. Lag ei peikebok for barn.
    Still ut bøkene de lagar, og vurder dei ut frå kriterium som klassen blir einig om.
  6. Les artikkelen «Små barn lærer av billedbøker» som du finn i lenkjesamlinga.

Læringsressursar

Litteratur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Biblioteket

  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 0-1 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 1-5 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Leselyst

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff