Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. LitteraturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor lese for barna?

Barn har i dag ein stadig større tilgang til videoar, digitale ressursar og spel. Då blir det endå viktigare å introdusere dei for bokverda så tidleg som mogleg. Personalet i ein bokhandel og på eit bibliotek kan tilrå bøker som passar til temaog aldersgruppe.

Mor leser høyt for barna sine. Foto.

Det finst mange grunnar til du skal lese for barna både i barnehage og skule.

  • Tanke- og språkutvikling
    «Litteratur er språk» heiter det. Når vi les for barn, øver dei opp språket sitt. Både form og innhald har noko å seie for korleis barnet oppfattar ei bok.
  • Fantasi
    Vi seier gjerne at fantasien og kreativiteten blir utvikla når vi får høve til å bruke skaparevnene våre til å dikte opp noko. Men vi treng også hjelp til å skilje mellom kva som er oppdikta, kva som er fantasi, og kva som er verkelegheit. Dersom tilhøva blir lagde til rette slik at barn og unge blir oppmuntra til å dikte vidare på noko dei har opplevd, er det med på å utvikle kreativiteten deira.
  • Ro ned
    I ein travel kvardag med mykje aktivitet kan det vere avslappande og godt å krype saman i sofakroken. Barnehagebarna vil gjerne at du skal lese for dei, medan dei store barna gjerne har glede av både å lese sjølv og å bli lesne for.
  • Rutinar
    Barn liker rutinar. Dersom du vel å lese for barna i daglegdagse situasjonar som i samlingsstunda, måltidet eller som avslutning på dagen, spør barna fort etter lesestunda dersom du hoppar over henne ein dag.
  • Auka kunnskap
    Bøker er med å auke kunnskapen til barna. Dei minste barna lærer nye omgrep gjennom peikebøkene, og dei større barna utvidar kunnskapen sin om det dei les om, for eksempel om istida. Nokre gonger les vi bevisst for å finne ut noko bestemt, medan vi andre gonger lærer bestemte ting av å lese ei bok vi eigentleg les som underhaldning.
  • Inspirasjon
    Ei god bok kan inspirere barna til mange andre aktivitetar som for eksempel:
    – å teikne og måle hendingar frå boka
    – å lage rollespel eller teater der barna speler hendingane i boka eller held fram der boka slutta
    – å kle seg ut som personane i bøkene
    – å sitje saman og diskutere innhaldet i boka
    – å sjå filmen
  • Rammeplanen for barnehagen
    I Rammeplanen for barnehagen står det at ein skal lese for barna dagleg.
  • Læreplanane for skulen
    Læreplanane for grunnskule og vidaregåande skule seier også mykje om lesing. I samband med kunnskapsløftet blei også grunnleggjande ferdigheiter innført i alle læreplanar. Lesing er ei av desse ferdigheitene.

Kjelder:

  • Knut-Geir Liaaen
  • Rammeplanen for barnehagen
  • Godboken.no

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Kvifor lese for barna?»
  1. Kvifor skal vi lese for barna?
  2. Søk på nettet og finn fleire tekstar om kvifor vi skal lese for barn (fordjupingsoppgåve).
  3. Bruk bileta på sida til å skrive ein fagtekst om kvifor vi bør lese for barn.
  4. Gå til rammeplanen for barnehagen og les heile den delen som handlar om kommunikasjon, språk og tekst. Ta notat og diskuter kva dette har å seie for arbeidet du skal gjere i barnehagen.
  5. Finn ut kva som er meint med grunnleggjande ferdigheiter generelt og det å lese spesielt.

I kapittel «3.1 Kommunikasjon, språk og tekst» i rammeplanen for barnehagen står det blant anna:

«Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • lytter, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og voksne
  • videreutvikler sin begrepsforståelse og bruker et variert ordforråd
  • bruker sitt språk for å uttrykke følelser, ønsker og erfaringer, til å løse konflikter og å skape positive relasjoner i lek og annet samvær
  • får et positivt forhold til tekst og bilde som kilde til estetiske opplevelser og kunnskaper, samtaler, og som inspirasjon til fabulering og nyskaping
  • lytter til lyder og rytme i språket og blir fortrolige med symboler som tallsiffer og bokstaver
  • blir kjent med bøker, sanger, bilder, media m.m.»

Læringsressursar

Litteratur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Biblioteket

  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 0-1 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling, 1-5 år

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkutvikling

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Leselyst

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff