Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
  5. Kreativ dansChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kreativ dans

Kreativ dans blir også kalla skapande dans. Det som kjenneteiknar undervisning i kreativ dans samanlikna med dansesjangrar som folkedans, jazzdans og selskapsdans, er at læraren gir elevane oppgåver som krev at dei utforskar ulike moglege rørsler og bruker materialet til å skape sine eigne dansar.

Kreativ dans - utvikling

Kva er kreativ dans?

I kreativ dans finst det ikkje noko som er «rett» eller «gale». Det er ingen trinn eller stegkombinasjonar som må lærast. Målet med undervisninga i kreativ dans er at elevane skal stimulerast til å bruke sine eigne ressursar for å uttrykkje seg gjennom rørslespråket i dansen, og til å gi uttrykket ei direkte og klar framstilling.

Undervisninga i kreativ dans byggjer på eit system for analyse av dans som opphavleg blei utvikla av danseteoretikaren, pedagogen og koreografen Rudolf Laban (1879–1958). (Åse Løvset Glad 2002: Dans på timeplanen).

Fagleg ansvarleg

Fagleg ansvarleg for kreativ dans har vore Mona Rinde Viland, med førsteamanuensis Jan Emil Ellingsen som fagleg prosjektleiar. Dansarane kjem frå Bergen kulturskole, den vidaregåande skolen og Høgskolen i Bergen. Mediesentret ved Høgskolen i Bergen har stått for regi og produksjon.

Læringsressursar

Drama