Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Folkedans

I lenkjesamlinga vil du finne instruksjonsvideoar for: POLKA, REINLENDAR og SEKSMANNSRIL.

Folkedans − kva er det?

Folkedans er dansar som tradisjonelt har blitt dansa i sosiale samanhengar av folk utan formell eller profesjonell utdanning, til dømes i det gamle bondesamfunnet der det blei dansa til alle høgtider, bryllaup, gravferder, slått og dugnader. Folkedansane har overlevd i generasjon etter generasjon gjennom uorganisert opplæring, altså utan at ein profesjonell lærar har vore inne i biletet. Musikken som blir brukt, er tradisjonell folkemusikk, og dansane blir som regel dansa i ringar eller kjeder.

Folkedanstradisjonen kan delast i tre:

  • Bygdedansane (springar, gangar, pols, rull, halling)
  • Runddansar (vals, polka, reinlendar, masurka, parisar)
  • Turdansar (ulike rekkjedansar, rilar og pardansar)

Videoane i lenkjesamlinga er produserte av Høgskolen i Bergen.

  • Fagleg ansvarleg: Mona Rinde Viland
  • Fagleg prosjektleiar: Jan Emil Ellingsen
  • Videoproduksjon: Mediesentret ved Høgskolen i Bergen

Læringsressursar

Drama