Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
  5. Den stygge andungenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den stygge andungen

«Den stygge andungen» av H.C. Andersen er eit klassisk eventyr. Det er eit eventyr med mykje innhald, og det kan brukast til å jobbe med forskjellige typar tematikk, for eksempel det å vere utafor, trøyst, vennskap, einsemd og fellesskap.

Gul badeand i plastikk. Foto.
Eventyret

Kva du bruker eventyret til, er opp til deg. Det er lett å finne fram til dette eventyret på biblioteket eller til og med på Internett. Det er berre å søkje på tittelen. Det er eit nokså langt eventyr, så det er viktig at du sjølv gjer deg godt kjend med det på førehand. Les gjennom det fleire gonger og sjå om du skal kutte nokre delar av det, i alle fall i barnehagen. Skal du kutte, så prøv kutte heile passasjar.

Det er også mogleg å presentere eventyret for barna del for del. Det er viktig å bruke litt tid, særleg med dei yngre barna, så du er sikker på at dei har fått med seg innhaldet. Repeter gjerne både innhald og leikar du har hatt tidlegare, i alle fall dersom opplegget går over fleire samlingar. Nokre fjær i lua kan også vere kostyme nok til at barnet forvandlas til ein fugl.

Ulike scener i eventyret

Eventyret er sett saman av ei rekkje scenar eller bilete, og denne oversikta kan vere til hjelp:

  • Scene/bilete 1: Sommar på landet, andemor rugar på egga
  • Scene/bilete 2: Egga blir klekte
  • Scene/bilete 3: Det store egget blir klekt til slutt
  • Scene/bilete 4: Andemor og ungane sym
  • Scene/bilete 5: Andungen blir plaga i andegarden
  • Scene/bilete 6: Andungen rømmer
  • Scene/bilete 7: Andungen er hos villendene
  • Scene/bilete 8: Andungen er hos den gamle kona
  • Scene/bilete 9: Andungen rømmer frå kona
  • Scene/bilete 10: Andungen ser svaner for første gong
  • Scene/bilete 11: Den kalde vinteren
  • Scene/bilete 12: Andungen er hos bonden
  • Scene/bilete 13: Våren kjem
  • Scene/bilete 14: Andungen flyg bort til svanene
  • Scene/bilete 15: Andungen ser sitt eige spegelbilete
  • Scene/bilete 16: Svana er lykkeleg


Ein kan for eksempel kutte scene 7 eller 8 i eventyret utan at handlinga som heilskap blir forstyrra. Denne inndelinga kan òg vere utgangspunkt for å lage frysbilete frå eventyret eller dramatisere delar av det.

Bli kjend med eventyret
bildet viser noen brikker som er satt opp slik at en av brikkene leder en stor forsamling

Det er viktig å vere sikker på at alle blir godt kjende med eventyret. Aller først har de ein oppvarmingsleik for å samle gruppa, gjerne ein som bruker element frå eventyret. For eksempel:

Leik «and og svane» som ein sistenleik. Svana er den som tek. Svana må flakse stort med vengene og gå med høge skritt. Endene spring rundt krokbøygde, seier «kvekk, kvekk» og flaksar med hendene. Den som har sisten, er svane.

Leik «raudt lys» dersom de skal bruke frysbilete seinare i økta.

For å roe ned til høgtlesing eller forteljing av eventyr kan ein for eksempel leike kviskreleiken og sende rundt ord og setningar som har med eventyret å gjere, for eksempel «andungen sat i kroken og var i dårleg humør» eller «vinteren blei så kald, så kald». Den siste setninga ein sender rundt, kan vere «det var så herleg ute på landet» (som er den første setninga i eventyret).

Den eller dei som leier økta, les no eventyret. Dette bør ein ha øvd på, slik at du eller de kjenner innhaldet i det de skal lese. Sidan eventyret er såpass langt, kan det vere lurt å stoppe undervegs og sjekke at barna har fått med seg handlinga. Eventuelt kan ein som det er nemnt, lese berre ein del av eventyret, jobbe med den med hjelp av dramateknikkar og så gå vidare til neste delen.


Repetere og bearbeide eventyret

Det finst ei rekkje øvingar du kan bruke for å repetere og arbeide med innhaldet i eit eventyr. Her er det berre å velje og vrake ut ifrå kva du ønskjer å oppnå. De kan for eksempel
spontandramatisere delar av eventyret.

Læraren les og stoppar opp der det er noko ein kan dramatisere. Barna treng ikkje berre vere personar eller dyr, men kan òg oppfordrast til å førestelle ting, naturfenomen eller bygningar som opptrer i eventyret. Du må trø varsamt i val av tekst her, for det er viktig at ikkje eit av barna får rolla som andungen som blir mobba så veldig.

Eventuelt kan du få alle barna til å spele andungen samtidig, i utvalde delar av eventyret. Slik kan de spontant dramatisere historia til andungen i kortversjon:

  • Andungen sym for første gong.
  • Andungen blir mobba i andegarden.
  • Andungen rømmer.
  • Andungen gøymer seg for jegerane.
  • Andungen er hos den gamle kona.
  • Andungen ser svaner for første gong og drøymer seg bort.
  • Andungen sym ute om vinteren, og isen kjem nærare og nærare.
  • Andungen veltar mjølkespannet hos bonden.
  • Andungen ser svaner for andre gong.
  • Andungen ser sitt eige spegelbilete.
  • Andungen har blitt til ei stolt svane.

Dersom de vil gjere litt meir ut av denne øvinga, kan de først gjere om rommet som de er i, til eit slags kart over stadene i eventyret. Barna flyttar seg frå stad til stad og dramatiserer ut ifrå kor langt i eventyret de har komme. Dei viktigaste stadene å få med då er:
reiret (kan lagast av teppe i ein krok for eksempel),
andegarden (kan de gjerde inn i ein krok i rommet?),
vatnet (kan markerast med blått stoff, eller de kan klippe ut ein sjø i blå papp og leggje på golvet),
huset til den gamle kona,
garden til bonden og
sjøen der andungen møter svanene (kan vere den same sjøen, eller de kan ha to).

Berre fantasien set grenser. Ein kan for eksempel lage ei enkel bru som barna i slutten av eventyret kan beundre svana frå. Kanskje kan ein ha noko som markerer isen som kjem nærare og nærare om vinteren?

Lage frysbilete frå eventyret

Ein kan for eksempel lage frysbilete av dette:

  • Andungen blir gjord narr av.
  • Andungen gøymer seg for jegerane som skyt.
  • Bondekona kjeftar på andungen.
  • Andungen ser ein flokk svaner og drøymer seg bort.
  • Andungen oppdagar at han er ei svane.
  • Svana blir beundra av barna og av dei andre svanene.

Frysbileta kan arbeidast vidare med på same måten som nemnt tidlegare. For eksempel kan personane i frysbiletet få ein replikk dei seier høgt.

Frysbilete av andungen

Rolle på veggen kan vere ei god innleiing for å nærme seg tematikken i eventyret. Barna kan kvar for seg lage statuar av korleis ein trur andungen føler seg innvendig i forskjellige situasjonar: Når han blir mobba av dei andre, når han drøymer om å flyge, når han ser svanene den første gongen, når han sym mellom isen om vinteren, og når han oppdagar sitt eige spegelbilete.

Individuelle frysbilete

Barna kan kvar for seg (men samtidig slik at alle er i aktivitet samtidig) lage statuar som viser korleis andungen føler det inni seg når han for eksempel

  • drøymer om svanene
  • blir gjord narr av
  • får kjeft
  • oppdagar at han er ei svane

Samtale

Undervegs eller i slutten av opplegget kan det passe med ein samtale om innhaldet. Samtalen vinklar du ut ifrå det temaet eller dei temaa du ønskjer å ta opp. Aktuelle spørsmål:

  • Korleis føler ein det når ein blir halden utanfor?
  • Kva kan ein gjere dersom ein ser at nokon er utanfor?
  • Hadde det hjelpt andungen dersom han hadde hatt ein god venn, sjølv om det berre var ein? Korleis då?
  • Kva er ein god venn?
  • Er det nokon i eventyret som kunne ha hjelpt og oppmuntra andungen, men som ikkje gjer det? Kvifor trur de han eller ho lét vere å hjelpe sjølv om han eller ho kunne?
  • Kvifor blir andungen så glad når han oppdagar at han er ei svane?

Å sjå på illustrasjonar

Det er laga flotte illustrasjonar til fleire av dei mest kjende eventyra våre. Her ser du Vilhelm Pedersen sin illustrasjon til «Den stygge andungen». Å sjå på og diskutere bilete kan vere ein god innfallsvinkel til fleire tema og samtidig gi barna kjennskap til nokre kunstnarar.

Læringsressursar

Drama

SubjectEmne

Fagstoff