Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Øvingar i dramateknikk

Her kjem nokre forslag til opplegg der vi tek i bruk nokre av dramateknikkane og set saman øvingar til litt lengre forløp. Dei er ikkje meinte som ferdige opplegg, men som utgangspunkt du kan byggje vidare på.

Gruppe med ungdommer, en som danser. foto.

Ulike målgrupper

Nokre av opplegga tek utgangspunkt i tema som er sentrale i læreplanen for barne- og ungdomsarbeidarfaget. Opplegga er retta mot litt forskjellige målgrupper.

Opplegget kan i utgangspunktet brukast med deltakarar frå cirka 10 til 18 år, men sørg for å tilpasse påstandane i dei siste diskusjonsoppgåvene til aldersgruppa.

Raudt lys

Ein av deltakarane står på den eine sida av rommet, resten på den andre. Han som står, har ryggen til. Dei andre deltakarane skal prøve å komme fram til han som står. Når han som står, snur seg og ser på deltakarane, må dei stå heilt i ro. Dei som ikkje står heilt i ro, blir tekne og må gå tilbake til start. Det finst forskjellige variantar. Mange har lært at han som står, skal telje til tre eller ti og seie «raudt lys» når han snur seg. Ein kan òg avtale at han som står, kan snu seg når han vil. Det gjer det gjerne litt meir spennande, i alle fall med litt eldre deltakarar.

Når dei har leika litt, får du deltakarane til å halde posituren litt lenger. Gjer merksam på at å stå i frys er frosen energi og krev konsentrasjon. Også blikk og ansiktsuttrykk skal haldast heilt i ro. Det skal sjå ut som om dei er klare til å fortsetje rørsla kvar augneblink.

Mime på rekkje

Halvparten av gruppa går ut på golvet, og den andre halvparten ser på. Dei på golvet står på ei rekkje ved sida av kvarandre, med ryggen til publikum. Leiaren seier så eit stikkord. Deltakarane skal straks, utan å tenkje og utan å sjå på dei andre, snu seg og lage ein statue av stikkordet dei har fått. Her får dei bruk for frysteknikken frå førre øving.

Gode stikkord kan vere for eksempel: jul, familie, skule, fridom, bursdag, lastebilsjåfør, nordmann, politikar, frykt, glede, kunstnar, mann, kvinne, lærar og så vidare. Bruk gjerne etter kvart ord som leier litt inn mot temaet, for eksempel sint, utafor eller liknande.

Frysbilete

Deltakarane blir delte inn i grupper på cirka fem deltakarar. Kvar gruppe får i oppgåve å lage eit frysbilete med tittelen «Utafor».

Første vising av biletet

Alle gruppene viser biletet sitt. Ein kan gjerne be dei som ser på, late att auga til gruppa har fått på plass biletet, for så å opne dei når leiaren klappar.

Dei som ser på, skal aller først få gi uttrykk for førsteinntrykket sitt av biletet: «Kva ser de her?» Det er òg viktig å avklare her om dei som ser på, meiner at dette er eit realistisk bilete, altså at det kunne sett sånn ut i verkelegheita. Viss ikkje, er det viktig å jobbe med biletet slik at det blir realistisk.

På dette stadiet kan ein òg gjere eit par øvingar som gjer biletet meir levande for publikum:

  • Lyd og rørsle: Kvar deltakar i biletet kan få ein lyd og/eller ei rørsle som dei skal gjenta.
  • Replikkar: Publikum kan komme fram og stille seg bak ein av personane i biletet og seie i eg-form det dei trur personen tenkjer. Han som står i biletet, skal så gjenta replikken. Når alle har fått ein replikk, kan dei framførast i ei rekkjefølgje som leiaren bestemmer.

Ein kan òg, viss deltakarane er nokolunde trygge på kvarandre, be dei som ser på, gå fram og forme dei som er i biletet, slik at den som er utafor, blir endå meir utafor. Som eit resultat får ein no to bilete. Leiaren kan be gruppa øve på å skifte frå det eine biletet til det andre så raskt og effektivt som råd, gjerne idet leiaren klappar, slik at det blir ein slags teikneserie av det.

Før ein går tilbake i gruppene, kan deltakarane òg få i oppgåve å gjere ei eller to forandringar i biletet som gjer undertrykkinga mindre. Det skjer på same måte, og det er viktig at deltakarane ikkje blir sitjande og diskutere med ord, men at dei går fram og forandrar i biletet.

Forandring av frysbiletet

Etter at deltakarane har komme med nokre forslag her, kan ein gå tilbake i gruppene og lage ein serie av bilete (leiaren bestemmer talet) frå undertrykking til idealsituasjonen.

Andre vising av frysbilete

Gruppa byttar bilete når leiaren gir signal, for eksempel ved å klappe i hendene. Publikum kan no diskutere om den forandringa dei ser frå undertrykking til idealsituasjon, er realistisk. Det er viktig at løysingane som blir presenterte, ikkje er magiske. Dei skal kunne gjennomførast i det verkelege livet. Det er for eksempel ikkje realistisk at ein mobbar plutseleg blir snill. Men kanskje ein kan handtere mobbinga på ein annan måte slik at ein likevel blir mindre undertrykt? Det er med andre ord viktig at dei løysingsforslaga som blir presenterte, faktisk kan brukast i det verkelege livet. Viss ein oppdagar nokre magiske løysingar, kan ein be deltakarane komme med forslag til kva som kanskje er ei realistisk løysing.

Vidare jobbing

Ønskjer ein å jobbe vidare med dette, kan ein for eksempel dramatisere små situasjonar ut ifrå eitt eller fleire av frysbileta. Kva fører fram til frysbiletet? Kva skjer vidare?

Frysbileta kan òg, og bør kanskje òg, følgjast opp med ein samtale der deltakarane tenkjer over det temaet dei har jobba med. Det kan gå føre seg som ein vanleg samtale, eller du kan bruke ei av desse øvingane:

Skala

Legg lappar nummererte frå 1 til 10 (eller frå 1 til 6) på golvet. Leiaren forklarer at 1 betyr heilt ueinig og 10 betyr heilt einig. Så les ein nokre påstandar. Deltakarane skal plassere seg etter kva dei meiner. Påstandar her kan vere for eksempel:

  • Eg ville sagt ifrå dersom eg såg nokon bli mobba.
  • Det er den som er utafor, sitt ansvar å ta kontakt.
  • Mobbarar bør utvisast frå skulen.
  • Det er alle sitt ansvar å sørgje for at ingen er utafor.
  • Det må vere lov å late vere å snakke med dei ein ikkje liker.
  • Ein treng ikkje vere hyggjeleg mot alle.

Det er lurt å begynne med nokre ufarlege oppvarmingspåstandar (for eksempel «eg liker brunost betre enn gulost» og liknande), slik at du får sjekka at alle har forstått øvinga, og at det ikkje blir så farleg å bevege seg rundt på golvet.

Fire hjørne

Leiaren stiller eit spørsmål. Kvart hjørne i rommet representerer eit svar på spørsmålet. For eksempel kan eit spørsmål vere: «Kva er best å gjere dersom ein blir mobba?» Svara kan vere

  • hjørne 1: tenkje over kva det er som gjer at ein blir mobba
  • hjørne 2: seie ifrå til nokon ein stoler på
  • hjørne 3: prøve å ta igjen
  • hjørne 4: andre løysingar

Deltakarane går til det hjørnet som representerer det dei meiner er den beste løysinga. Så kan ein spørje dei kvifor dei går dit dei går. Dette treng ikkje å bli ein diskusjon om den beste løysinga, men ein måte å få fram deltakarane sine synspunkt på. Det er òg lov å skifte hjørne undervegs dersom ein ombestemmer seg.

Læringsressursar

Drama

SubjectEmne

Fagstoff