Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
  5. Rollemodell i dramaarbeidetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rollemodell i dramaarbeidet

Idet du trer inn i rolla som barne- og ungdomsarbeidar, blir du ein rollemodell for dei du skal jobbe med.

To jenter maler hverandre med ansiktsmaling. Foto.

Førebilete gjennom handling

Dine handlingar og haldningar er ein viktig del av det deltakarane tek med seg. Du kan vere sikker på at det du gjer i praksis, er mykje viktigare for kva deltakarane lærer, enn dei orda du bruker. Det har med andre ord liten verknad å seie for eksempel at det er viktig å vere konsentrert, viss ikkje du sjølv viser at du er konsentrert i arbeidet.

Det betyr at dersom du vil at dei du instruerer i drama, skal slappe av og sleppe seg litt laus, så må du sjølv vise ei avslappa haldning til det de held på med. Vil du at dei skal stole på deg, må du samtidig vise at du har kontrollen, og at du bestemmer når de skal jobbe strukturert, og når det er greitt å sleppe seg litt meir laus.

Merksemd

Det aller viktigaste for ein som skal leie drama, er å vere til stades der og då. Det vil seie at du har ei lyttande haldning til det som skjer i rommet. Merkar du for eksempel at ei øving ikkje fungerer etter planen, så avbryt og gå vidare til neste, sjølv om du eigentleg hadde tenkt å halde på lenger (dette er grunnen til at det er bra å ha øvingar i bakhand). Denne merksemda må du ha skrudd på heilt frå du møter deltakarane. Det uformelle møtet før sjølve dramaøkta begynner, kan vere kjempeviktig.

På ein ungdomsklubb, for eksempel, er det greitt å vere vake til stades når deltakarane kjem, heng av seg kleda, småpratar på veg inn i rommet og så vidare. Det gir deg ei moglegheit til å sjekke ut stemninga i gruppa og dessutan til å slå av ein liten prat. Det skal ikkje alltid så mykje til for å vise at du ser deltakarane. Berre det at du viser at du er oppteken av det dei er opptekne av, er eit viktig signal som er med på å skape tryggleik.

Nokre ting du bør tenkje på
  1. Ver merksam på ditt eige kroppsspråk. Signaliserer du med kroppen at du er trygg på det som skal skje, og at du ønskjer gruppa velkommen? Det viktigaste her er å stå godt, vere i balanse og ha eit ope kroppsspråk.
  2. Blikk er særleg viktig. Sørg for å få blikkontakt med alle så tidleg som mogleg. Kvar gong.
  3. Etabler faste rammer rundt økta. Begynn alltid med felles samling og avslutt alltid med felles avslutning og oppsummering. Du kan gjerne ha eit fast rituale i byrjinga og slutten. For barn kan det for eksempel passe med ein fast song. Det skaper tryggleik.
  4. Begynn alltid med oppvarming. Det er viktig at temaet ein jobbar med, på ein eller annan måte vedkjem deltakarane, og då er det viktig med ein engasjerande start på opplegget. I oppvarminga kan ein gjerne bruke vanlege leikar, som sisten, sangleikar, ringleikar og så vidare. Viss du tenkjer deg litt om, kan du sikkert nokså mange slike. Oppvarminga er med på å samle gruppa, varme opp kroppen litt og sørgje for at alle er mentalt innstilte på å halde på med drama. Ein god oppvarmingsleik inkluderer alle. Det vil seie at alle bør vere i aktivitet slik at ingen blir tilskodarar.
  5. Ver merksam og lyttande når du har samtalar med gruppa. Vis at du anerkjenner dei svara deltakarane kjem med (det betyr ikkje at du må vere einig i alt, men du må prøve å forstå kvifor dei seier det dei seier).
  6. Når du leier ein samtale, er også måten du stiller spørsmål på, viktig. Dei beste spørsmåla er dei som stimulerer fantasien og tankane til deltakarane. Spørsmåla bør med andre ord vere litt opne. Viss deltakarane er litt tilbakehaldne, kan det vere greitt å byrje med nokre oppvarmingsspørsmål. Det kan vere ja/nei-spørsmål som dei enkelt kan svare på, og så kan du heller spørje dei kvifor dei svarer ja eller nei.
Den sjenerte

Drama passar som hand i hanske for ein del barn og unge. Mange liker å spele ei rolle og vise seg fram for andre, og dei hiv seg med glede ut i alle øvingane du gir dei. I så å seie alle grupper vil det òg vere nokon som er meir tilbakehaldne og stille av seg. Det kan vere forskjellige grunnar til det, men det viktigaste er korleis du skal handtere det.

Det første du må vere klar over, er at sjølv om drama passar for mange, så passar det ikkje for alle. Det er ikkje alle som kjenner seg vel med å vere i ei rolle og vise seg fram. Det viktigaste du som leiar kan gjere, er å late desse deltakarane vere dei dei er. Det å vere sjenert eller tilbakehalden er ingen sjukdom som må kurerast, så lat alle deltakarane vere med på sine eigne premissar.

Rett nok er det mange som har halde på med drama ei stund, som seier at dei har blitt mindre sjenerte av det, og at det er lettare for dei å stå framfor ei forsamling og snakke. Det er sjølvsagt ein god ting, og det er ein fordel i mange samanhengar å ha lært noko om det. Men at det skal skje, er avhengig av at det er eit ønskje hos deltakaren, og noko han eller ho er villig til å utfordre seg sjølv til. Det er ikkje noko du skal leggje deg bort i eller prøve å presse fram, for det kan verke mot føremålet.

Det du kan gjere er:

  1. Vedkjenn at drama kan vere skummelt, og at det ikkje er noko rart at ein synest det og vegrar seg litt for å delta iblant. Understrek at deltakarane sjølve bestemmer i kor stor grad dei vil engasjere seg (du skal likevel reagere på det dersom nokon held på med noko i rommet som forstyrrar dramaaktiviteten).
  2. Legg til rette for at alle deltakarane skal få delta på sine eigne premissar. Mange sjenerte deltakarar kjenner seg tryggare viss alle i rommet held på med noko samtidig, for eksempel i par. Då er det ikkje så mykje merksemd retta mot akkurat dei, og dei tør ofte å sleppe seg litt meir laus enn viss alle skal sjå på det dei gjer.
Barn og unge med ein annan kulturbakgrunn

Mange av dramaøvingane er ikkje-verbale (det vil seie at ein ikkje snakkar mens ein gjer dei). Det betyr at ein må kommunisere på andre måtar enn med ord. Då kan ein kanskje uttrykkje andre ting enn det som er mogeleg gjennom språket.

Når ein dramatiserer og visualiserer ord og handlingar, blir ein nøydd til å konkretisere kva ein legg i for eksempel omgrep som makt. Det fører til at drama kan vere eigna til å jobbe med barn og unge som har forskjellige kulturbakgrunnar, sidan det hjelper dei til å kommunisere på andre måtar enn med ord.

Ver likevel merksam på at i nokre kulturar er kroppskontakt noko som er litt farleg. Det same gjeld når ein jobbar i ei gruppe med ei blanding av jenter og gutar. Viss du merkar at du har barn og unge i gruppa di som har den haldninga, så legg opp til øvingar som er ikkje-verbale, men der dei likevel slepp å ta for mykje på kvarandre.

Drama kan òg brukast på ein slik måte at resten av gruppa blir betre kjend med kulturen til den som kjem frå eit anna land.

Barn med nedsett funksjonsevne

I arbeid med barne- og ungdomsgruppene vil du møte barn og unge som har nedsett funksjonsevne, slik at du i planlegginga og gjennomføringa av dramaaktiviteten må tilretteleggje spesielt for dei.

I dei aller fleste tilfella krev det berre ei medviten haldning i planlegginga. Det finst ingen grunn til at barn med Downs syndrom, funksjonshemmingar eller synshemmingar ikkje skal kunne delta i ei dramaøving. Det dreier seg i hovudsak om å sjå moglegheitene som finst.

Når barnegruppa har medlemmer som treng ekstra tilrettelegging, kan det vere lurt å tenkje over følgjande:

  • Kva er det barnet meistrar?
  • Kan funksjonshemminga brukast på ein god måte?
  • Korleis ser barnet på behovet sitt for tilrettelegging?
  • Treng du ekstra utstyr?
  • Korleis kan du skape forståing for at alle kan delta, men kanskje på ulike måtar?

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du vere ein god rollemodell for barn og unge under dramaaktivitetar?
  2. Korleis bør du som barne- og ungdomsarbeidar opptre før og under dramaøvinga?
  3. Kva for seks ting bør du tenkje over før og under dramaøvinga?
  4. Korleis handterer du barn som ikkje vil vere med, og som er sjenerte eller stille?
  5. Kva bør ein tenkje over dersom ein har barn med ein annan kulturbakgrunn i gruppa?
  6. Kva bør du tenkje over dersom du har barn med nedsett funksjonsevne i gruppa?

Læringsressursar

Drama

SubjectEmne

Fagstoff