Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
  5. Dramaøkt på planen!ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dramaøkt på planen!

Ideelt sett begynner planlegginga av ein dramaaktivitet med observasjon av deltakarane. Det kan vere nyttig å ha litt kjennskap til gruppa og føresetnadene til deltakarane før du begynner. Det er ein fordel å vite litt både generelt om aldersgruppa og spesielt om den gruppa du skal jobbe med.

Bilde av dramagruppe. Foto.

Forebuing er viktig

Det er viktig at du er godt førebudd og har tenkt igjennom korleis du vil byggje opp økta før du begynner. Aller viktigast er det at du har klart for deg målet med økta. Kva vil du oppnå? Korleis kan du oppnå det? Kvifor har du valt ut akkurat desse øvingane? Lag enkle og konkrete mål som du etterpå kan sjå om du har oppnådd eller ikkje. Så lenge du har målet klart for deg, kan så å seie alle øvingar og leikar tilpassast og brukast i dramaundervisninga. Begynn difor med å samle på og skrive ned leikar du kan. Så lenge du veit kvar du vil, kan du lage eigne variantar av leikar og rette dei inn mot dramaaktiviteten.

Eitt eksempel

Sisten (eller tikken) er ein leik dei aller fleste kan. Viss du skal ha eit opplegg om eventyr, kan han som har sisten, for eksempel vere trollet i eventyret. Alle dei andre kan late som dei er prinsessa som ikkje vil kidnappast. Slik blir barna allereie i oppvarminga litt førebudd på tematikken dei skal jobbe med, og får allereie no idear til korleis ein kan spele troll og prinsesse.

Tenk gjennom kva som kan gå galt

Samtidig kan uventa ting oppstå i løpet av ei økt. Nettopp fordi drama er ein kreativ måte å jobbe på, er dette også ofte eit poeng. Dette er ikkje eit fag der alt kan planleggjast på førehand, for alle deltakarane skal kome med sin kreativitet, og då kan nye og uventa ting oppstå undervegs. Difor er det òg viktig at de etter ei økt tek dykk tid til å snakke gjennom kva som skjedde undervegs, og korleis de eventuelt vidare kan bruke dei erfaringane de no har fått. Det gjeld å finne balansen mellom planlegging og å vere open for det som skjer der og då. Ein av dei viktigaste eigenskapane du som barne- og ungdomsarbeidar har, er å kunne vere til stades i situasjonen og gripe tak i det som skjer der og då.

Oppbygging av ei dramaøkt

Her er éin modell for korleis ein kan byggje opp ei økt med dramaøvingar. Han kan vere grei å ha som eit utgangspunkt når du skal planleggje. Fellessamling, samtale i plenum. Dette er med på å samle gruppa og førebu på dagens tema. Her kan ein òg, viss ein vil, plukke opp tråden frå det ein gjorde forrige gong, høyre om nokon har fått nokon nye tankar sidan då og så vidare. Så introduserer ein dagens tema.

  • Oppvarming
  • Hovuddel 1: Improvisasjon. Her tek ein i bruk ein av dramateknikkane (rollespel, intervju, biletteater eller dramatisering). Improvisasjonen kan skje i plenum, i grupper, i par eller individuelt.
  • Eventuelt hovuddel 2: Vising. Her deler gruppene med kvarandre det dei har komme fram til i improvisasjonsdelen (dette punktet går ut viss ein for eksempel har brukt rollespel).
  • Avsluttande fellessamling. Dette bør de ha kvar gong, uansett kva de har jobba med og korleis. Her kan ein samle trådane, høyre korleis deltakarane har opplevd økta, gjennomarbeide erfaringar og reflektere over temaet de har jobba med. Her kan deltakarane gi uttrykk for nokre av opplevingane sine, komme med reaksjonar og stille spørsmål.

Nokre praktiske tips

  1. Begynn med korte og praktiske øvingar der alle er i aktivitet samtidig.
  2. Styr unna «rare» øvingar i starten. Det kan hende at dei fleste i gruppa er uvande med dramaøvingar. Det kan òg vere kulturelle føringar som gjer at for eksempel mykje kroppskontakt er vanskeleg for nokre av deltakarane. Difor kan det vere greitt å unngå desse øvingane i starten før ein blir kjend med gruppa.
  3. Ha ekstra øvingar i bakhand. Med mindre ein er svært erfaren, er det vanskeleg å vite korleis ei øving kjem til å fungere. Avbryt ei øving viss ho ikkje fungerer, og gå over til noko anna.
  4. Hald ikkje på for lenge med kvar øving i starten. Ha eit vake auge og følg med på når energien begynner å dabbe av i gruppa. Avbryt då, og gå vidare til neste øving.
  5. Unngå lange framsyningar i starten. Det å skulle vise fram det ein har laga, er skummelt for mange. Men samtidig skal deltakarane også utfordrast litt på dette. Begynn difor med korte framsyningar, gjerne i litt store grupper, slik at enkeltindivid ikkje blir så veldig eksponerte.
  6. Forklar øvingar stegvis slik at det ikkje blir for mykje informasjon på ein gong. Lat deltakarane prøve ut kvart steg i praksis før du går vidare i forklaringa.
  7. Det kan vere forskjellig kor vande dei du skal jobbe med, er til å drive med drama. Nokre kan verke som om dei er skapte til det, og hiv seg med glede ut i alle øvingane du gir dei. Andre kan av ulike grunnar vere meir tilbakehaldne. Dette er ein av grunnane til at det er ein stor fordel om du har observert dei du skal jobbe med, litt før du begynner med drama. Då kan du til ein viss grad tilpasse opplegget til den typen deltakarar du har.

Utfordringar til deg

  1. Kva er observasjon?
  2. Kvifor blir det anbefalt å observere gruppa før ei dramaøving?
  3. Kvifor er det viktig å vere godt førebudd til ei dramaøving?
  4. Kva bør du tenkje gjennom i førebuingsfasen?
  5. Skriv ned leikar du kan.
  6. Forklar korleis ei dramaøkt bør avsluttast.
  7. Korleis kan ei dramaøkt byggjast opp?
  8. Kvifor bør du ha nokre øvingar i bakhand?
  9. Kvifor bør du unngå lange visingar i starten?

Læringsressursar

Drama

SubjectEmne

Fagstoff