Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. DramaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er drama?

All dramaaktivitet inneber at ein jobbar med ei eller anna form for fiksjon. Det vil seie at vi jobbar med noko som er oppdikta. I drama lever ein seg inn i oppdikta situasjonar og i oppdikta personar. Dette blir kalla agering.

Elever som leker teater i klassesituasjon. Foto.

Ulik betyding

Sjølve ordet drama har fleire betydningar og det kan bety «handling». I kvardagen bruker vi gjerne ordet når det har skjedd noko utanom det vanlege. Nyheitene bruker ofte ordet dramatisk om hendingar som ulykker og ran, altså noko problematisk eller konfliktfylt.

Drama går altså ut på å late som om ein er ein annan enn seg sjølv, og at ein er i ein annan situasjon enn den verkelege. Dette kan skje med tre ulike utgangspunkt:

  1. Gjenstandar
    For eksempel lèt ein som eit tau på golvet er ei elv. Eller så lèt ein som, mimar at, ein har eit glas i handa sjølv om ein ikkje eigentleg har det.
  2. Situasjon
    For eksempel lèt ein som ein er i ein jungel.
  3. Rolle
    Ein lèt som ein er ein annan enn ein eigentleg er.

Det er dette som skil ei dramaøving frå ein vanleg leik. For å kunne kallast ei dramaøving må øvinga ha eit element av fiksjon og agering i seg.

Faget drama

Faget drama heng tett saman med teater og med leik. For å forstå betre kva dramafaget dreier seg om, kan det vere nyttig med ei kort samanlikning av drama, teater og leik.

Drama kan brukast for å lære om noko anna, for eksempel om vikingtida. Det vil seie at drama kan vere ein metode for å lære noko. Likevel bruker dramafaget mange av teknikkane og verkemidla frå kunstforma teater. Difor seier vi òg at drama er eit kunstfag.

Teater

Å spele teater er kort sagt det same som vi har sett over: Skodespelarane lèt som dei er nokon andre enn dei er i røynda. Det som først og fremst skil teater frå drama, er at på teater er det eit publikum som sit og ser på skodespelarane. Publikum går ikkje inn i ei rolle, dei er seg sjølve. I mange dramaaktivitetar er alle deltakarane involverte samtidig i ageringa. I tillegg er det ikkje alltid ei framsyning som er målet for å halde på med drama.

Lek

Ser vi på kva leik er for noko, kan vi definere det som det å skape ei eiga verd med sine eigne reglar. Tenk over nokre leikar du kan. Det er lett å tru at leik er ein heilt fri aktivitet, men når ein tenkjer over det, er det nesten ingenting som har så klare reglar og grenser som leik. Fordi leiken har så klare grenser, er det mogleg å prøve ut ting i leiken som ein ikkje har lov til i den verkelege verda.

Denne typen leik er naturleg for barn, og viss du kjenner nokre barn, har du sikkert sett at dei på eiga hand har laga sine eigne små rollespel. Kanskje har du òg lagt merke til at dei ofte snakkar i fortid når dei speler. Ein kan ofte høyre barn seie for eksempel «og så gjekk du dit, og så gjorde eg slik» når dei planlegg spelet. Det kan vere eit teikn på at barna veit at det dei held på med, er fiksjon. Dei veit at det er på liksom. Spelet er ikkje røynda, men det representerer røynda. Røynda blir gjenskapt med hjelp av fantasien. Nettopp fordi det ikkje er verkeleg, er ein fri til å utforske og arbeide med inntrykk, opplevingar og erfaringar i spelet.

I det dramatiske spelet kan ein øve seg på åtferd og reaksjonar som seinare kan brukast i røynda.

Agering

Samanhengen mellom leik, drama og teater er tydeleg: Ein skapar ei eiga verd, ein fristad, der ein kan spele ut, agere, personar og situasjonar som kanskje liknar på det verkelege livet, men som ikkje er verkeleg. Det er ein fiksjon. Gjennom å spele situasjonar og personar kan ein lære noko om korleis ein kan takle tilsvarande situasjonar i den verkelege verda. Gjennom agering kan ein «øve seg til livet».

For å oppsummere kan vi seie at drama er eit kunstfag der vi bruker verkemidla frå teateret for å bearbeide tema. Drama kan brukast som ein metode for å lære.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr ordet drama?
  2. Kva betyr orda fiksjon og agering (søk opp orda dersom du ikkje veit kva dei betyr)?
  3. Kva skil drama og teater?
  4. Kva for likskapstrekk har drama og teater?
  5. Kva skil drama og leik?
  6. Kva for likskapstrekk har drama og leik?

Læringsressursar

Drama