Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Friluftsliv med barn ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klede når du skal på tur

Uansett om vi skal på ein kort eller ein lang tur, er kleda viktige. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du opptre profesjonelt, og det vil seie at du skal kle deg slik at du fungerer best mogleg saman med barna.

Lite barn som ligger på gulvet og tar på utedress. Foto.

Dersom du frys eller har dårlege sko, er det vanskeleg å gjere ein god jobb. I tillegg er du også ein rollemodell for barna. Du kan ikkje rekne med at barna bruker lue på kalde dagar dersom du sjølv ikkje gjer det.

I tillegg til å sørgje for at du sjølv er rett kledd, har du eit ansvar for kva barna har på seg. Til yngre barna er, til meir hjelp og rettleiing treng dei for å kle seg rett. Å hjelpe barna slik at dei er rett kledde, har med god omsorg å gjere.

Å bli våt, frosen eller for varm er ei erfaring alle barn må ha med seg. Som barne- og ungdomsarbeidar må du likevel prøve å gi dei gode råd om kva som er riktig påkledning.

Også ungdommar treng rettleiing, særleg dersom dei skal på lengre turar, fjellturar, leirskule eller på tur når det er veldig kaldt eller veldig varmt. Det er fordi ikkje alle ungdommar har trening i å kle seg for turar, eller fordi dei er mest opptekne av å sjå «kule» ut.

Det viktigaste med turkleda er at dei vernar kroppen mot vêr, temperatur og skade. På tur bruker vi ofte open eld både til matlaging, varmekjelde og som miljøskapar. Vel gjerne klede av materialar som ikkje brenn eller smeltar. Ver særleg merksam på at ull og bomull som er kraftig impregnerte med silikon, brenn godt. Elles er ull og bomull brannsikre stoff.
Kjelde: Per Ulrich Kristiansen

Utfordringar til deg

  1. Finn ut kva for krav barnehagar og skular stiller til deg som arbeidstakar når det gjeld klede.
  2. Kva er meint med at du gjennom måten du kler deg på, er ein rollemodell for barna?
  3. Lag ei liste som viser kva du bør tenkje på når du kler små barn for tur (vel ulike temperaturar).
  4. Kva for råd vil du gi ungdommar som skal på ein lengre fjelltur?

Læringsressursar

Friluftsliv med barn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff