Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Lowenfeld sine teiknestadiumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Teikneanalyse – det pseudonaturalistiske stadiet

I denne teikninga viser Terje på tolv år interessa si for fotball.

Pseudonaturalistisk tegnign av fotballspiller. Illustrasjon.
Pseudonaturalistisk. Terje 12 år

Visuell teiknestil

Mens jentene er opptekne av utsjånaden sin og oppfatninga av det kvinnelege, held gutane på med det maskuline: fart og spenning. I denne teikninga viser Terje på tolv år interessa si for fotball. Sjølv om han ikkje meistrar lys og skugge fullt ut, prøver han å skape rom med linjer og skravering i ansikt, klede og beinmusklar. Fotballspelaren er teikna etter eit fotografi, mens bakgrunnen er meir etter minnet og får eit meir skjematisk preg. Folk på tribunen er teikna vesentleg mindre enn hovudfiguren og lagar tydeleg djupn i biletet. Sjølv om forkortingar enno er vanskeleg, har fotballspelaren fått eit levande, rørleg uttrykk med maskuline, kraftige former. Dette er eit eksempel på ein visuell teiknestil med søking etter naturalistiske former og fargar.

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium

SubjectEmne

Fagstoff