Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Lowenfeld sine teiknestadiumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Førskjemastadiet (4–7 år)

Lowenfeld meinte at alle barn går gjennom ulike stadium i utviklinga av biletlege uttrykk.

Tegning av tre mennesker.illustrasjon.

Nokre utviklar seg likevel raskt på grunn av stimulans, modnad og miljø, mens andre bruker lengre tid. Difor kan barn i same klasse eller på same alderstrinn ha komme på ulike stadium. Inndelinga i stadium må vi sjå på som rettleiande og ikkje som ei eksakt norm.

I denne perioden skjer det mykje i teikneutviklinga til barna, og fordi barna blir meir opptekne av å gi dei ulike teikneelementa bestemte former, blir det kanskje òg meir interessant for dei vaksne å følgje med og komme i dialog med barna under teikneprosessen.

Det er ikkje alltid like lett å sjå kva teikningane skal førestelle, men etter kvart blir innhaldet tydelegare. Barna teiknar ofte dei same formene og figurane gong etter gong, og barna sjølve står naturleg nok sentralt i motivvalet.

«Hovudfotingen» er sjølve symbolet for dette teiknestadiet: ein sirkel som skal vere ansikt, og to strekar til bein. Som regel skal hovudfotingen symbolisere barna sjølve, men han kan òg førestelle andre personar, sjølv om dei blir teikna på same måte.

Egosentrisk stadie

Det førskjematiske teiknestadiet blir òg kalla det egosentriske stadiet, sidan barna alltid teiknar seg sjølve i sentrum og sjølvsagt òg størst. Vi seier gjerne at dei teiknar i verdiperspektiv: det som er viktig og tyder noko stort, blir teikna mykje større enn det i verkelegheita er. Barna oppdagar no òg rommet, som ofte blir teikna som ein firkant med dei sjølve i midten.

Ifølgje Lowenfeld spring ei «ekte» barneteikning frå denne perioden ut ifrå ei opplevd hending eller interesse som er viktig for barnet. Han meiner det er lett å skilje slike teikningar frå dei som har komme til med at barna har sett etter andre. Førskjematiske teikningar kan ofte endre innhald mens dei blir teikna, slik at dei først kan skildre éi oppleving og så gå over i ei anna.

På dette stadiet er det viktig at barna meistrar det teiknematerialet dei nyttar. Dersom vi heile tida innfører nye materiale, kan det bli eit hinder for å uttrykkje tankar og kjensler i arbeida. Tjukke tempera- fargar kombinert med pensel og store absorberande ark, slik at fargen ikkje flyt utover, er bra for denne aldersgruppa. Gode fargestiftar som ikkje legg att overskytande voks på papiret, og kvite og ikkje for glatte A3-ark er òg bra. Bruk helst fargestiftar utan papirhylser. Då kan barna bruke både dei spisse endane og sideflatene. Store barnehageblyantar fungerer òg godt og er eit lettare materiale dersom dei skal teikne detaljar.

Utfordringar til deg

  1. Samle nokre teikningar laga av barn i denne aldersgruppa. Analyser bileta ut ifrå kunnskapen du får i teksten over.
  2. Kva er ein hovudfoting?
  3. Kva kjenneteiknar dette stadiet?
  4. Kva slags teiknesaker vil du tilrå for denne aldersgruppa?

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium