Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Lowenfeld sine teiknestadiumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Teikneanalyse – førskjemastadiet

Kjetil på fire og eit halvt år har med denne teikninga komme inn i førskjemastadiet.

Barnetegning av fisker og fugler. Illustrasjon.
Førskjemastadiet. Kjetil 4 1/2

Medvite forhold til teikninga

Kjetil på fire og eit halvt år har med denne teikninga komme inn i førskjemastadiet. Teikninga er ikkje lenger ein rørsleaktivitet, og Kjetil har no eit medvite forhold til det han teiknar, sjølv om noko i biletet enno ikkje er lett å tyde. Det raude hovudelementet er «jobben til pappa»: eit raudt hus med dør og noko på veggen som sannsynlegvis er vindauge. Sjølv om hovudfotingar er dei klassiske skjemaa for denne aldersgruppa, utgjer skjemaa her dei tre fuglane. Han var veldig oppteken av fuglar på denne tida og greidde no å gi fuglane ei medviten form. Alle fuglane blir teikna på omtrent same måte, men med litt variasjon. På fuglen som sit på taket, viser ikkje vengene, men derimot føtene. Dei er alle rovfuglar med store, krumme nebb. Fargebruken er enno ikkje gjennomført medviten, men fargen på huset stemmer med verkelegheita.

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium