Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Lowenfeld sine teiknestadiumChevronRight
  5. Rablestadiet (2–4 år)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rablestadiet (2–4 år)

Lowenfeld meinte at alle barn går gjennom ulike stadium i utviklinga av biletlege uttrykk.

Abstrakt.illustrasjon.

Nokre utviklar seg likevel raskt på grunn av stimulans, modnad og miljø, mens andre bruker lengre tid. Difor kan barn i same klasse eller på same alderstrinn ha komme på ulike stadium. Inndelinga i stadium må vi sjå på som rettleiande og ikkje som ei eksakt norm.

Barna opplev meistirng

Det ligg kanskje noko nedsetjande i omgrepet rabling, men dette er dei første spora av strekar og punkt barnet set på papiret, og dei gir tydeleg positive reaksjonar. Vanlegvis er barna frå to til fire år når dei teiknar på dette stadiet, men dei kan gjerne få lov til å begynne før.

Til å begynne med er det mykje slump som styrer rablinga, og aktiviteten liknar meir på ein motorisk leik. Barna har ikkje kontroll over rørslene, som ofte blir utførte utan at blyanten blir løfta frå arket, slik at det blir danna samanhengande linjeføringar. Dei kan òg sjå på heilt andre ting mens rablinga går føre seg. Det er sjølve prosessen som står i sentrum, og ikkje det ferdige produktet. Denne første delen av rablestadiet blir kalla tilfeldig rabling.

Neste trinn blir kalla kontrollert rabling. No vil barna gradvis oppdage samanhengen mellom sine eigne armrørsler og dei linjene og merka som kjem på arket. Dei viser oppriktig engasjement over at dei kan setje spor. Rablinga skjer ofte med eit hardt grep om blyanten og ved at arm og hand blir svinga raskt ut frå side til side. Denne svingrablinga lagar linjer i bogar, men dei kan òg kombinerast med strekar i alle retningar over eller ved sidan av svingrablinga. Barna får no gradvis meir kontroll over motorikken i armar og hender, og den visuelle oppfatninga blir betre. Som ein konsekvens av dette kan svingrablinga gå over til rundrabling og sirkelrørsler.

Siste ledd i dette stadiet blir omtala som namngitt rabling. Det nye er at barna begynner å setje namn på det dei teiknar. Sjølve teikninga utviklar seg kanskje ikkje så mykje, men dei forskjellige elementa blir omtalte som konkrete ting. Svingrablingane, rundingane og strekane skal førestelle bestemte ting, og barna fortel gjerne om dette mens dei teiknar. Den rundingen der er «meg», og den streken der er «grasplenen», og så vidare. Dei blir medvitne om at det dei held på med, blir ei teikning. Fargebruken er som oftast tilfeldig. Barna bruker det dei måtte ha for handa.

Viktig med god tilrettelegging

Sidan barna i denne perioden har behov for store rørsler, bør dei bruke teiknemateriale som støttar dette. Giftfrie, godkjende fargestiftar eller kraftige fargeblyantar og kvite A3-ark vil fungere bra. Ein tynn blyant blir for spiss, og vassfargar flyt utover. Derimot kan det vere verdt å prøve tjuktflytande fargar, pensel som er frå ein til to centimeter brei, og eit stort absorberande ark. Ved måling får dei i endå større grad uttrykt kjenslemessige behov.

Utfordringar til deg

  1. Skaff nokre teikningar som barn i denne aldersgruppa har laga. Analyser bileta ut ifrå teksten over. Får du ikkje tak i teikningar, kan du kanskje finne nokon med å følgje lenkja til høgre (Barneteikningar – ulike alderstrinn).
  2. Kor gamle er barna når dei er i rablestadiet?
  3. Forklar kort utviklinga i dette stadiet.

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium