Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Teikning og teikneutvikling ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungdommar og tegning 14–18 år

Barn og ungdom har eit meir eller mindre umedvite forhold til teikning. Barn teiknar seg sjølve, dei nære ting og det som opptek dei, og dei gjer det utan analysar og medvitne tankeprosessar.

barnetegning- høns.ilustrasjon.

Utover i tenåra blir teikneuttrykket i større grad eit resultat av medvitne val. Tenåringane kan vere opptekne av eller ha spesiell interesse for natur, dyr, folk, mote, musikk og liknande, eller dei kan vere i opprør mot dei vaksne og autoritetar; uansett speglar teikningane dei medvitne tankane og målsetjingane deira.

Når elevane har gått ut av ungdomsskulen, er ikkje teikning eit obligatorisk fag lenger. Derfor er heller ikkje måling og teikning ein del av tilværet til dei fleste tenåringar. Dei som held fram, er dei som har teke medvitne val når dei byrjar i den vidaregåande skulen, som melder seg på kurs, eller som teiknar heime på eige initiativ.

Mange unge synest nok at teikning, måling og forming er morosamt, men at det er noko som høyrer barneskulen til. Dei synest ikkje at dei lenger har behov for eller nytte av desse aktivitetane. Men i ei verd der alt blir laga og styrt av andre, kan mange ha behov for å skape noko sjølv. Det gir dei høve til å rive seg laus frå den vanlege akademiske tankegangen som styrer dei fleste andre faga i skulen. For mange har det stor verdi å få starte sin eigen tankeprosess og føre han fram til eit ferdig produkt.

Ungdom mellom 14 og 18 år er kritiske til seg sjølve. Dei har ofte idealistiske haldningar, og er meir opptekne av forholdet sitt til samfunnet. Derfor bør teikneundervisninga gi dei høve til å uttrykkje kjenslene sine, og vere ein arena der fantasien får spelerom.

Mange unge gir i denne perioden teikningane og måleria personlege, kunstnarlege uttrykk, mens andre held på det meir strengt naturalistiske. Vi bør leggje til rette for at elevane får utfalde seg i begge retningar, men det er viktig at arbeida blir elevane sine sjølvstendige verk frå idéstadiet, via materialval og teknikkar, og fram til det ferdige resultatet.

barnetegning av to katter i et vindu.ilustrasjon
Teikning av Karen Sofie 15 år.

Utfordringar til deg

  1. Kva forhold har du til teikning og måling?
  2. Kva skjer med teikneuttrykket til barn utover i ungdomsåra?
  3. Kva bør teikneundervisninga for ungdom leggje vekt på? Kvifor?

Læringsressursar

Teikning og teikneutvikling

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter