Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Teikning og teikneutvikling ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Teikning og teikneutvikling

Å teikne er ein av mange aktivitetar barn og unge liker å halde på med. Under temaet teikning og teikneutvikling vil du finne fagstoff som handlar om både teikneutviklinga til barn og korleis du som barne- og ungdomsarbeidar kan leggje til rette for teikning.

forskjellige små bøtter med maling i. Foto

Frå du var liten, har du teikna, og i grunnskulen fekk du opplæring i teikning. Nokre av dykk har gått eit år på design og handverk før de begynte på barne- og ungdomsarbeidarfag, og de vil vere ein ressurs for resten av klassen når det gjeld teikning.

Sitat

Eit måleri er eit dikt utan ord
Konfutse

fingermaling.foto.
Fingermåling

Teikningar frå barn kan vi finne på vegger både på skular og i barnehagar. Nokre teikningar kan vi finne heime hos bestemor med ei fin ramme på, mens andre kan liggje nedst i søppelbøtta. Det er stor forskjell på kor mykje barn teiknar. Nokre barn elskar å teikne, mens andre helst vil gjere noko anna. Same om vi liker å uttrykkje oss gjennom teikning eller ikkje, så skjer det ei utvikling i teikneuttrykket til barna.

Utfordringar til deg

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen seier at du skal jobbe med teikning og teikneutvikling?
  2. Lag eit tankekart over det du kan om teikning og teikneutvikling. Ta fram tankekartet på slutten av skuleåret og sjå om du har lært noko.
  3. Bruk bileta på sida som inspirasjon til ein tekst om teikning.

Læringsressursar

Teikning og teikneutvikling

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter