Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tverrfagleg samarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Spesialpedagogisk rådgivar

Ein spesialpedagogisk rådgivar er tilsett på den enkelte skulen og kan ha mange ulike arbeidsoppgåver. Det viktigaste arbeidsområdet er å leggje til rette for at elevar med ulike lærevanskar og funksjonshemmingar kan få likeverdig og tilfredsstillande opplæring.

Barn som gråter. Foto.

Ein menneskerett å få opplæring

Alle elevar har rett på å få opplæring på sitt utviklingstrinn og å få hjelp med det som er vanskeleg, uavhengig av lærevanskar, psykiske vanskar, bevegelsesvanskar eller andre vanskar.

Døme på slike tilretteleggingar kan vere

  • lydbøker, munnlege prøvar, lengre tid på prøvar, skrivehjelp, opplesen tekst, bruk av PC med stavekontroll eller rettskrivingsprogram og talesyntese
  • individuelle opplæringsplanar og spesialundervisning
  • fysiske tilretteleggingar for bevegelseshemma, synshemma, høyrselshemma
  • tolk til døve elevar

På mange skular er det ein spesialpedagogisk rådgivar som koordinerer og følgjer opp kartleggingsprøvar i lesing, skriving, matematikk og engelsk. Dette blir gjort for å fange opp elevar med svake grunnleggjande ferdigheiter i reiskapsfaga, slik at dei også skal kunne få nødvendig hjelp og tilrettelegging. Dette kan følgjast opp med tilvising til PPT, utgreiing og informasjon til elevane om eventuelle rettigheiter om tilrettelegging ved eksamen. Spesialpedagogisk rådgivar er ofte også ein nøkkelperson i arbeidet med informasjonsoverføring mellom ulike trinn i skulen, til dømes mellom grunnskule og vidaregåande skule.

Informasjon frå PPT

Informasjon som kjem til skulen, må formidlast vidare til dei aktuelle lærarane, slik at elevane blir tekne godt vare på og får den hjelpa dei treng. Spesialpedagogisk rådgivar må derfor kunne samarbeide med elevar, lærarar og andre tilsette internt på skulen og med andre instansar utanfor skulen. Det kan vere andre skular, kompetansesenter, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), vaksenpsykiatrien, habiliteringstenesta for barn, unge og vaksne, Nav, fastlegar, psykiatriske sjukepleiarar, helsesyster og andre kommunalt tilsette innan omsorg og velferd.

Informasjonsoverføring gjeld også den andre vegen, altså frå vidaregåande skule og til den etaten du skal samarbeide med til det beste for eleven og hans opplæring og arbeid. Ved informasjonsoverføring frå ein etat til ein annan er det nødvendig at eleven sjølv samtykkjer i dette. Dersom eleven er under 18 år, må også føresette gi samtykke. Det er alltid eit prinsipp at berre relevant, formålstenleg og nødvendig informasjon blir formidla vidare.

Ein spesialpedagogisk rådgivar har høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Dei fleste er lærarutdanna med spesialpedagogikk som tilleggsutdanning. Spesialpedagogiske rådgivarar er opptekne av å gi alle elever likeverdige moglegheiter for læring og utvikling i skulen uansett kva slags vanskar eller funksjonshemmingar dei har.

Korleis få time hos PPT eller spesialpedagogisk rådgivar?

Ein elev kan sjølv ta kontakt med både PPT og spesialpedagogisk rådgivar dersom han eller ho ønskjer ein prat om noko som blir opplevd som vanskeleg på skulen, heime eller i privatlivet.

Dersom skulen, læraren eller spesialpedagogisk rådgivar har mistanke om at ein elev har ei form for lærevanske, kan ein sende ei formell tilvising til PPT, der ein ber om ei grundigere utgreiing av vanskane på bakgrunn av dei observasjonane som skulen har gjort. Når eleven er over 15 år, skriv han eller ho sjølv under på ei slik tilvising.

Kva moglegheiter har du som barne- og ungdomsarbeidar til å få informasjon om ein elev frå PPT eller spesialpedagogisk rådgivar?

Dersom du jobbar med barn eller ungdom som har spesielle behov som påverkar måten eleven fungerer på i kvardagen, er det viktig at du veit noko om dette og korleis du kan hjelpe vedkommande. Du kan be om nødvendige opplysningar og rettleiing, slik at du kan hjelpe eleven på ein formålstenleg og god måte. Som barne- og ungdomsarbeidar har du teieplikt.

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid

SubjectEmne

Fagstoff