Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tverrfagleg samarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kven skal samarbeide og om kva?

Her er ei oversikt med eksempel på kva det kan være naturleg å samarbeide om. Dette er ikkje ei komplett liste over område det er naturleg å samarbeide om, så du finn nok fleire dersom du tenkjer deg om.

Lagarbeid. Illustrasjon.

I arbeid i oppvekstsektoren

I det pedagogiske arbeidet kan ein samarbeide om

  • å utarbeide konkrete mål og finne fram til det som skal gjerast (innhald) for å nå måla
  • å observere enkeltindivid og grupper av barn og unge
  • å finne fram til metodar som gjer at ein når måla
  • å vurdere
  • å planleggje den daglege drifta av barnehage, skule og SFO

Barna og dei unge er med og samarbeider

  • i her-og-no-situasjonar
  • om planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar
  • i daglege rutinar som å kle på og av seg, måltid, stell osv.
  • ved innreiing av rom eller ommøblering
  • i samband med enkelt reinhald og det å halde orden
  • i samband med innkjøp og så vidare
  • ved val av arbeidsformer
  • om å utarbeide gruppereglar

Med foreldra kan ein samarbeide

  • om kva tilbodet skal innehalde
  • om ei felles forståing av føremålet med verksemda
  • om å inkludere alle
  • om påkledning, hygiene og kosthald
  • om turar
  • om planar

Medarbeidarar kan samarbeide

  • om arbeidstid og oppgåver
  • om fordeling av ansvar
  • om arbeidsplanar
  • om arbeidsfordeling
  • om vidareutdanning
  • om planlegging, gjennomføring og evaluering

Eigarar av verksemda kan samarbeide om

  • arbeidstid
  • arbeidsdeling
  • utforming av lokale og uteområde
  • bruksområde
  • økonomi
  • vedlikehald

Utfordringar til deg

  1. Klarer du å finne fleire personar som du som barne- og ungdomsarbeidar må kunne samarbeide med?
  2. Kjenner du til fleire område det er viktig å samarbeide om?
  3. Intervju ein tilsett i barnehage eller skule om samarbeid.

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid

SubjectEmne

Fagstoff