Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tverrfagleg samarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppfølgingstenesta (OT)

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du av og til møte elevar som ønskjer å slutte på skolen, eller som manglar skoleplass. Da har du behov for å vite kva oppfølgingstenesta er, og korleis ho kan gi hjelp til ungdom i ein slik situasjon.

Veiledningssamtale. Foto.

Det ligg mykje omsorg i å forhindre at ungdom fell utanfor utdanningssystemet vårt.

OT

OT er ei hjelpeteneste for ungdom t.o.m. 21 år som ikkje er i skole eller arbeid.

Kva kan OT hjelpe ungdom med?

  • Råd og hjelp til å søkje opplæring i skole og/eller bedrift.
  • Hjelp til å skaffe praksisplass eller arbeid. OT kan samarbeide med NAV.
  • Gi orientering og råd om val av utdanning og yrke.
  • Oppfølging og sikring av tverretatleg samarbeid til beste for ungdommen.
  • OT skal sørgje for at alle under 22 år får eit tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetjing.

Korleis jobbar OT?

OT kan ta kontakt med ungdommen pr. brev, telefon, mail osv. for å tilby dei hjelp:

  • Viss dei ikkje har skoleplass.
  • Viss dei ikkje har læreplass.
  • Viss dei sluttar på skolen/læreplassen før året er ferdig.
  • Viss dei ikkje har eit tilbod gjennom NAV.
  • Ungdommen kan også sjølv kontakte OT i sin kommune/sitt fylke.

Du kan søkje på nettet og finne meir om oppfølgingstenesta, blant anna på ung.no og vilbli.no.

Utfordringar til deg

  1. Kva er oppfølgingstenesta?
  2. Kva står OT for?
  3. Kva for oppgåver har OT?
  4. Korleis jobbar OT?
  5. Kva kan OT hjelpe ungdom med?
  6. I kva for tilfelle har du nytte av å kjenne til OT?
  7. Intervju nokon som jobbar i oppfølgingstenesta og skriv ein blogg om oppfølgingstenesta.
  8. Fordjupingsoppgåve:
    Les regjeringa si side om oppfølgingstenesta og ta notat.

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid

SubjectEmne

Fagstoff