Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sikkerheit i barnehagen

I barnehagen jobbar Merethe som barne- og ungdomsarbeidar. I dag har ho ansvaret for kjøkkenet og tilrettelegginga av måltida denne dagen. Samtidig blir ho bedd om å sjå etter fem barn på avdelinga da det skal avviklast eit møte.

Barnehageansatt. Foto.

Fleire ting kan skje på same tid

Dei to minste barna tek ho med inn på kjøkkenet da det er lettare å sjå etter dei der, samtidig som ho får gjort dei planlagde arbeidsoppgåvene på kjøkkenet. Når ho er i ferd med å setje fram pålegg frå kjøleskapet, så høyrer ho gråt frå eit av dei andre tre barna. Merethe spring inn i det andre rommet der dei er, og det viser seg at den gråtande guten har diaré og treng bleieskift. Ho går tilbake til kjøkkenet etter bleieskiftet og oppdagar da at eitt av dei barna ho gjekk frå på kjøkkenet, har opna kjøkkenskapet der det blir oppbevart vaskemiddel og liknande, og barnet sit og skrur på korken på klorinflaska.

Fleire ting her blir omfatta av helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet.

  1. Vil jobben med å sjå etter fem barn la seg kombinere med arbeidsoppgåvene på kjøkkenet?
  2. Bør bleieskift skje av same person som også skal handtere matvarer?
  3. Kva er det som gjer at eitt av barna får tak i klorinflaska?

Punkt 1

Dette kan skape ein utrygg arbeidssituasjon for den tilsette. Arbeidsoppgåvene i løpet av dagen må organiserast godt slik at arbeidsmengda er fordelt på ein måte som gjer at den tilsette opplever å meistre oppgåvene sine.

Punkt 2

Uansett kor god hygienen blant dei tilsette er, bør ein skilje desse arbeidsoppgåvene mest mogeleg slik at ein unngår å gjere desse arbeidsoppgåvene om kvarandre. Dette er ein situasjon som har eit stort potensial for smitte av f.eks. E-coli-bakterien, og bør unngåast. Det må utarbeidast gode rutinar for hygiene, og spesielt handhygiene.

Punkt 3

Her er det gjort ei for dårleg kartlegging/risikovurdering. Alle vaskemiddel og kjemikaliar må oppbevarast utilgjengelege for barna. Anten må desse oppbevarast i eit låst skap, og nøkkelen skal dessutan vere utanfor rekkevidde, eller i eit skap som ikkje er tilgjengeleg for barna.

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjekkliste - brannvern

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff