Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Heilskapleg arbeidsmiljøarbeid

Ein arbeidsplass består av mange ulike faktorar, også miljøet utanfor arbeidsplassen vil påverke arbeidstakar og arbeidsdagen. Dermed er det viktig å tenkje heilskap, og det blir kravd ein solid innsats frå begge partar, både arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Illustrasjon om samhold. Illustrasjon.

Lovar og reglar

Arbeidsmiljøloven, og tilhøyrande forskrifter, er reiskapen arbeidsgjevar og arbeidstakar bruker i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet på arbeidsplassen. Formålet med loven beskriv det ideelle arbeidsmiljøet, men einkvar arbeidstakar vil ha si eiga oppfatning av kva ein ideell arbeidsplass skal vere. Derfor er det også teke med i arbeidsmiljøloven ein medverknadsplikt for arbeidstakaren.

Arbeidstakaren si medverknadsplikt

Arbeidstakaren skal medverke ved utforming, gjennomføring og oppfølging av det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i verksemda. Arbeidstakaren skal delta i det organiserte verne- og miljøarbeidet i verksemda og skal aktivt medverke ved gjennomføringa av dei tiltaka som blir sette i verk for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø.

Medverknadsplikta heng saman med kravet om at systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i barnehagen/skulen skal gjerast i samarbeid mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Arbeidsgjevaren har mange lovpålagde krav å jobbe mot, men det er også viktig at ein sjølv tek ansvar for eiga helse og eigen arbeidsplass.

Ta ansvar for den fysiske delen av arbeidsmiljøet

Ein kan bytte arbeidsoppgåver og arbeidsplass, men kroppen som jobbar, vil vere den same.

Sørg for å hente inn kunnskap om ergonomi, og bruk denne kunnskapen. Kunnskap om ergonomi vil fortelje kva for arbeidsstillingar som hindrar skade og slitasje, kva for hjelpemiddel som finst og bruken av desse, og innverknaden som støy og stress har på kroppen. I arbeidsmiljøloven § 4-4 er krava til det fysiske miljøet definerte.

Nokre gode ergonomiske tips for kvardagen i barnehagen ser du nedanfor:

  • La barna sjølv klatre opp til stolen ved matbordet, stellebenken eller vogna.
  • Ha krakk med hjul tilgjengeleg. Sit på han når du hjelper til med handvasken eller påkledninga i staden for å stå med krum rygg.
  • Rydd! Fjern gjenstandar som er i vegen.
  • Bruk dei hjelpemidla som finst, og det finst både dyre og billige. Skohorn, puter, møbelknottar, kassar og krakkar er gode og billige hjelpemiddel. Hev- og senkbart stellebord, påkledningsbenk eller lyddempande skjermvegg er dyrt, men kan bli ei god investering på sikt.

Ta ansvar for den psykososiale delen av arbeidsmiljøet

Eit godt psykososialt arbeidsmiljø er avgjerande for at arbeidstakaren ønskjer å gå på jobb kvar dag. Eit godt psykososialt arbeidsmiljø blir kjenneteikna blant anna ved gode relasjonar mellom menneske og god kommunikasjon. I arbeidsmiljøloven § 4-3 er krava til det psykososiale arbeidsmiljøet definerte.

Alle arbeidstakarane på ein arbeidsplass må vere med som ein del av medverknadsplikta si og definere ”slik vil vi ha det på arbeidsplassen vår". Saman kan ein da byggje ein kultur på arbeidsplassen for korleis vi er mot kvarandre, korleis vi snakkar saman, og korleis vi oppfører oss ved konfliktar.

Førebygging vil vere eit sentralt stikkord også i denne delen av helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet på arbeidsplassen. Ved å definere kva som gjer at nettopp du trivst og ønskjer å vere på jobb, såkalla nærversfaktorar, så har ein eit veldig godt utgangspunkt for høg trivsel og lågt sjukefråvær. Slike nærversfaktorar er f.eks.

  • å oppleve ansvar og meistring
  • å utvikle og auke kompetansen
  • å bli sett, høyrt og etterspurd!

Førebygging

Å tenkje førebygging er det beste utgangspunktet for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. F.eks. vil det vere meiningslaust å ha utgifter til vikarar dersom sjukefråværet til dei fast tilsette kunne vore førebygt ved tilføring av kunnskapar om ergonomi.

Utfordringar til deg

  1. Teikn av figuren du finn på sida. Lag ei forklaring til kvart av punkta. Oppgåva kan gjerast på PC om du ønskjer det.
  2. Diskuter påstanden: "Alle arbeidstakarar vil ha si eiga oppfatning av kva ein ideell arbeidsplass skal vere."
  3. Kva er medverknadsplikt?
  4. Korleis kan kunnskapar om ergonomi få ned sjukefråværet?
  5. Kan du gje eksempel på ergonomiske tips i barnehage og skolar?
  6. Kva er psykososialt arbeidsmiljø?

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjekkliste - brannvern

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff