Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakarenChevronRight
  5. Helse-, miljø- og sikkerheit i praksisChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Helse-, miljø- og sikkerheit i praksis

I barnehagen er dagleg leiar hovudansvarleg for planlegginga, gjennomføringa og oppfølginga av helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet. Verneombod og andre tilsette skal også delta aktivt i denne prosessen.

Voksne og barn skal krysse en vei med tungtrafikk. Foto.

Kartlegging

Det må gjennomførast ei grundig kartlegging/risikovurdering i barnehagen/skulen for å avdekkje mogelege farar og problem. Kartlegginga må ta for seg alle delar av barnehagedrifta, og det vil f.eks. seie ein gjennomgang av bygningen, innemiljøet, uteleikeområdet, dei ulike rutinane i barnehagen og det psykososiale arbeidsmiljøet.

Ein kan med fordel utarbeide sjekklister for dei ulike områda som kartlegginga skal dekkje. Tidlegare kartleggingar og utfylte avviksskjema bør ein også sjå på i denne fasen. Dette må ein gjere for å sjå kva som tidlegare er vurdert som eit risikoforhold i barnehagen, og kva som er gjort for å hindre gjentaking.

Det som denne kartlegginga avdekkjer, vil vere det som dannar grunnlaget for ein handlingsplan. Handlingsplanen beskriv dei tiltaka som må setjast i verk for å redusere eller fjerne risikoforholda.

Tiltaka blir sette opp i ei prioritert liste, og handlingsplanen seier også noko om kven som er ansvarleg og tidsfrist for gjennomføringa. Handlingsplanen blir så gjort kjend for heile personalgruppa og kan også danne grunnlaget for den vidare målsetjinga til barnehagen.

Risikovurdering

Risiko kan definerast som ”den faren som uønska hendingar representerer for menneske, miljø og materielle verdiar". Risikoomgrepet er todelt og omhandlar både kor sannsynleg det er at noko skal skje, og konsekvensen dersom det skjer.

Dette gjeld både for akutte hendingar og hendingar som kan utvikle seg over tid. Ei akutt hending er f.eks. dersom eit barn blir borte når barnehagen er på tur. Ei hending som kan utviklast over tid, og som vil kunne utgjere ein stor risiko, er slitasje på leikeplassutstyr og manglande vedlikehald av dette.

Ein enkel modell for risikovurdering:

  1. Finn farekjeldene. Det er alle forhold som kan forårsake skadar, både fysiske, ergonomiske og psykososiale.
  2. Kva kan skje, og kor sannsynleg er det?
  3. Kva kan vi gjere for å hindre det? Viktig å tenkje førebygging.
  4. Tiltak for å oppfylle arbeidsmiljøloven.

Farekjeldene må også vurderast med omsyn til kor sannsynleg det er at noko kan skje og til konsekvens. Med andre ord kan det vere liten risiko for ei hending, men konsekvensane kan bli store. Og motsett: stor risiko for skade, men skadeomfanget vil ikkje bli så stort.

Utfordringar til deg

  1. Repeter frå vg1 kva eit verneombod er, og kva for arbeidsoppgåver verneombodet har. (Sjå lenkje).
  2. Kven har ansvar for HMS-arbeidet i barnehagen?
  3. Kven har dette ansvaret i skolen?
  4. Kva er hensikta med å gjennomføre ei kartlegging/risikovurdering?
  5. Kva er ei sjekkliste og eit avviksskjema?
  6. Kva er ein risiko i denne samanhengen?
  7. Spør barnehagar og skolar i nærleiken om dei har rutinar på forhold som kontroll av leikeplassar og barn som blir borte. Korleis er desse rutinane utforma og gjort kjende for dei tilsette?
  8. Lag ei teikning eller ein figur som viser ein enkel modell for risikovurdering. Du kan gjere ho på papir eller på PC, f. eks. ved bruk av paint.

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjekkliste - brannvern

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff