1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakarenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren

Helse, miljø og sikkerheit blir ofte forkorta til HMS. Dette er eit emne som du lærte litt om på Vg1 Helse- og oppvekstfag, og som du skal fordjupe deg i dette skuleåret. Du skal ha eit spesielt fokus på korleis HMS påverkar arbeids- og læringsmiljøet.

Leking med lego. Foto.

HMS i kvardagen din

HMS for arbeidstakaren handlar om deg og arbeidsgivaren din si rolle i samband med arbeidskvardagen din. Dette kan gjelde fysiske og psykiske belastingar, arbeidsmiljø, sikkerheit og førebyggjande helsearbeid. Lover og reglar rundt dette er laga for å hindre sjukefråvær forbunde med arbeidsmiljø.

Læringsmiljø

Ved eit godt og trygt arbeidsmiljø vil du få rom og tryggleik nok til å utføre dei arbeidsoppgåvene du er sett til. Oppgåva di som barne- og ungdomsfagarbeidar vil vere avgjerande for om læringsmiljøet og opphaldstida for barna er god. Då må du som arbeidstakar vere trygg på at lover og reglar blir følgde, og at rutinar er så gode at du ikkje blir uttrygg i jobben din.

Eit godt læringsmiljø for barna saman med ein trygg stad å vere er ei av dei viktigaste oppgåvene for barnehagen.

"Suksess gir sikkerhet, sikkerhet gir suksess." (Schamoni Ulrich, ordtak.com)

Tenk over

  1. Kva for eit kompetansemål i læreplanen seier at du skal jobbe med helse, miljø og sikkerheit?
  2. Lag eit tankekart over det du kan om helse, miljø og sikkerheit frå før. Ta fram tankekartet i slutten av skuleåret og sjå om du har lært noko.
  3. Bruk bileta her eller på internet som inspirasjon til ein tekst om helse, miljø og sikkerheit.
En jente med sikkerhetsutstyr klatrer opp en fjellvegg. Foto.
Sikkerheitsutstyr
bildet viser ei jente som tegner på tavla
Læringsmiljø
Bildet viser ein pulverslukker
Pulverslukkar

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff