Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. ErgonomiChevronRight
  5. Å arbeide ergonomisk i barnehagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å arbeide ergonomisk i barnehagen

I barnehagen kan det bli mange lyft på ein arbeidsdag. Dersom du ikkje er bevisst på korleis du skal lyfte, kan du over tid utvikle muskel- og skjelettplager.

Et skjelett løfter en boks. Foto.

Ergonomi og ansvar for eiga helse

Som arbeidstakar har du saman med arbeidsgivaren din eit ansvar for at du får bruke kroppen din så ergonomisk riktig som mogleg. Det er også viktig å lære barna korleis dei bruker kroppen på riktig måte, heilt frå dei er små.

Vi menneske er ulike og toler ulik grad av belasting både fysisk og psykisk. Det er derfor viktig at arbeidsmiljøet er lagt til rette for den enkelte – så langt det er mogleg.

Ergonomi er læra om korleis vi best mogleg kan tilpasse arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet til mennesket. Dårlege ergonomiske forhold er ei av dei hyppigaste årsakene til sjukdom og fråvær.

Dame bøyer i knærne for å løste en eske. foto.
Lyft

Det er viktig å vurdere om lyftet er nødvendig eller ikkje. Når du jobbar med barn, kan ein unngå mange lyft om ein er bevisst på og tenkjer over kva barna kan klare utan å bli lyfta.

«Feilbelastninger og stadig gjentekne rørsler bør reduserast. Tunge og einsformig belastande arbeidsstillingar og tidspress er spesielt uheldig.»

Kjelde: Arbeidstilsynet

Hovudregelen når vi lyftar, er at vi skal bøye knea og ha ryggen rett. I lenkjesamlinga finn du filmar og fagstoffsider om korleis ein skal gjere eit lyft.

Hjelpemiddel

Det finst ei rekkje hjelpemiddel som kan gjere det lettare å arbeide ergonomisk. Det finst blant anna

  • stellebord som ein kan heve og senke
  • arbeidsbord som det er mogleg å regulere
  • ergonomisk utforma stolar
  • påkledingsbenk eller påkledingsstol

Les meir om: Løfteteknikk

Små endringar kan hjelpe mykje

I Modum kommune i Buskerud var ergonomi eit satsingsområde i alle dei kommunale barnehagane i 2009. Dette har resultert i ein enklare og meir ergonomisk riktig arbeidsdag for dei tilsette i barnehagane. Barna deltek meir ved at dei sjølve krabbar opp på stellebordet i staden for å bli lyfta. Dei barna som er store nok, står på krakken medan dei får ny bleie.

I barnehagane i Modum blei det gjort nokre små endringar som førte til at arbeidet blei meir ergonomisk riktig. Dei

  • flytta nokre skap og skapdører på stellerommet
  • laga benker, slik at barna rakk opp til vasken
  • kjøpte inn krakkar som barna kunne stå på
  • skifta ut barnesenger med madrassar for at dei tilsette skulle sleppe å bøye seg ned i sengene for å hente opp barna
  • kjøpte inn trillebord til å frakte tunge ting på, og vogn til å trille tunge sekker med bleier

Kjelde: [1]

Utfordringar til deg

  1. Egenes Idrettsbarnehage blei kåra til Nordens ergonomisk beste bedrift i 2010. Bruk Internett og finn ut kvifor dei fekk denne prisen. Kva fortel bileta frå barnehagen deg?
  2. Set deg inn i korleis ein skal lyfte. Gå deretter saman i grupper. Éin lyftar, medan dei andre observerer og gir tilbakemelding på lyftet.
  3. Om de filmar kvarandre når de skiftar bleier, leiker med barna og liknande, og deretter ser på filmklippa saman, kan de bli meir bevisste på dykkar eigne arbeidsstillingar. Finn passande situasjonar og prøv dette ut.
  4. Oppsøk ein barnehage og sjå korleis utstyr og rom er tilrettelagde for riktige arbeidsstillingar. Skriv ein logg frå besøket.
  5. Bruk nettet og finn utstyr til barnehagen. Lag ei skisse av eit rom i ein barnehage som tek omsyn til god ergonomi for både barn og vaksne.
  6. Sjå filmane du finn på denne sida, og prøv ut stillingane som blir viste.


  1. 1«Fysioterapauten 12.09». Kristin Henriksen. kh2@fysio.no. 2009.

Læringsressursar

Ergonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dataarbeidsplass

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ergonomi i skulen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Å løfte barn ut av bil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Å stelle barn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter