Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. ErgonomiChevronRight
  5. Rydding og vaskingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Rydding og vasking

For at reinhaldarane skal kunne vaske, og for at det skal vere triveleg å komme tilbake til barnehagen dagen etter, må barnehagen ryddast kvar ettermiddag.

hylle med sko og barneklær. Foto

Dagleg reinhald

Kva rutinar som gjeld, og kven som har hovudansvaret for reinhaldet, varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass. I Tistelvegen barnehage har dei ein eigen reinhaldar. Sjølv om Randi ikkje har hovudansvaret for reinhaldet, bør ho likevel setje seg godt inn i dei rutinane som finst på arbeidsplassen. Ho må også delta i å rydde barnehagen, slik at han er klar for vasking.

Noko av det som skal gjerast avslutningsvis i barnehagen, er til dømes

  • å setje stolar og benker på borda
  • å bere ut søppel
  • å rydde på plass leiker
  • å ta vare på klede som er gløymde igjen
  • å setje på oppvaskmaskina

Kvifor er det viktig å ha gode rutinar for rydding?
Kva inneber eit dagleg reinhald?

Ta kontakt med ein barnehage og finn ut kva rutinar dei har.
Skriv ned rutinane og sjå på dei med tanke på det du veit om følgjande:

  • Hygiene. Kor ofte blir det vaska, når blir det vaska, og kva blir vaska kvar dag?

  • Ergonomi – lyfteteknikkar. Kor bevisste er dei vaksne på fysisk belasting når dei ryddar?

  • Kommunikasjon. Kven gjer kva? Er det tydeleg ansvarsfordeling på dei ulike vaktene, eller er det personavhengig?

  • Rutinar. Kva rutinar er det nødvendig å ha på kjøkkenet i ein barnehage?

Delta i avslutninga på ein barnehagedag dersom det er mogleg for deg. Skriv logg frå arbeidet.

Hovudreinhald

Av og til må det vaskast grundigare enn vanleg.

  • Kva er hovudreinhald?
  • Kor ofte bør ein gjere eit hovudreinhald?
  • Kva for rutinar bør barnehagar ha for hovudreinhald?

Læringsressursar

Ergonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dataarbeidsplass

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ergonomi i skulen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Å løfte barn ut av bil

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Å stelle barn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter