Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. RollemodellChevronRight
  5. Rollemodell – helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rollemodell – helse

Det blir sagt at barn høyrer kva du seier, men gjer det same som du gjer. Det bør derfor vere samsvar mellom det du seier, og det du gjer. For å bli ein tydeleg vaksenperson for barn og unge krev det at du jobbar med deg sjølv, at du blir klar over handlingane dine, og at du endrar veremåte dersom det er nødvendig.

To damer sykler uten sykkelhjelm.foto.
Hvilket signal sender man ut ved å sykle uten hjelm?

Å bli gode rollemodellar for barn handlar om ei bevisstheit både hos den enkelte og i personalgruppa som heilskap.

Når du skal lære barn og unge å ta ansvar for eiga helse, må du ha kunnskapar om kva som er god helse, og korleis du kan kommunisere med barn og unge på ein slik måte at dei ønskjer og greier å ta ansvar for helsa si.

Ung kvinne med sigarett. Foto.
Røyker du når barn er tilstede?

Ei rekkje ulike undersøkingar viser kor viktig det er at barna har gode rollemodellar. Blant anna viser undersøkingane at røyking og fysisk aktivitet heng nøye saman med kva for eit forhold den næraste familien har til røyk og fysisk aktivitet. Sjølv om vi ikkje har forsking som viser korleis barne- og ungdomsarbeidaren påverkar barn og unge, er det all grunn til å tru at også åtferda til barne- og ungdomsarbeidaren påverkar dei.

Å vere rollemodell for barna når det gjeld helse, vil seie at du gjer det du kan for å ta vare på di eiga fysiske og psykiske helse. For å klare det treng du kunnskapar om korleis ein syt for å ha ei god helse.

Svært få av oss er perfekte: Somme av oss røykjer, andre et usunn mat, medan atter andre ikkje driv noka form for fysisk aktivitet. Dersom vi tenkjer etter, vil dei aller fleste finne område der dei ikkje gjer det som er best for helsa si. Når du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar, er det viktig at du tenkjer gjennom kva du kan gjere for at barn og unge i minst mogleg grad skal bli påverka av dette.

Eit døme frå barnehagen

I barnehagen legg de vekt på sunn og god mat for barna, og de oppfordrar til sunne matpakkar. Anne er lærling, og ho er eigentleg mest glad i fint brød med ulike former for sjokoladepålegg. Ho veit likevel at ho er rollemodell for barna, og ho vel derfor å lage seg matpakkar som er i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet.

Eit døme frå småskulen

Ivar er barne- og ungdomsarbeidar i småskulen og skulefritidsordninga. Ivar har røykt sidan 9. klasse og synest det er vanskeleg å vere ein heil dag utan røyk. Han vil likevel ikkje at barna skal kjenne at det luktar røyk av han. For å få hjelp til dette har han teke kontakt med legen sin og røykjetelefonen for å finne ut kva som finst av røykjeplaster, tyggegummi og andre hjelpemiddel som kan hjelpe han med å trappe ned.

Eit døme frå ungdomsklubben

Rita er barne- og ungdomsarbeidar i ungdomsklubben. Ho er berre litt eldre enn mange av dei som går der, og ho har også nokre av vennene sine der. Til helga er det ein stor fest i byen der ho bur, og Rita skal dit. Vanlegvis drikk Rita øl når ho er på fest. Rita synest det er vanskeleg å vite korleis det ho gjer på fritida, påverkar det ho skal gjere på jobb. Rita ber derfor om ein samtale med leiaren for ungdomsklubben for å få høyre kva han meiner ho kan gjere og ikkje på fritida.

Du kan vere rollemodell for barna på ei rekkje område, til dømes

  • ved å ete sunn mat når du er saman med barna
  • ved ikkje å røykje
  • ved å kle deg etter vêret
  • ved å bruke sykkelhjelm
  • ved å bruke bilbelte
  • ved å gjere det du kan for å unngå andre ulykker
  • ved å vere fysisk aktiv
  • ved å vaske hendene og vise god hygiene
  • ved å kommunisere på ein måte som gjer at du ikkje kjem i konfliktar på arbeidsplassen

Utfordringar til deg

  1. Hva vil det si å være en rollemodell for barn og unge?
  2. Diskuter eksemplene fra barnehagen, skolen og ungdomsklubben.
  3. Tenk deg at du jobber i en ungdomsklubb. En helg du er ute på byen og fester, møter du noen av ungdommene fra klubben. Hva blir forventet av deg da?
  4. Gi eksempler på hvordan du kan være en god rollemodell når det gjelder barn og unges helse.
  5. De fleste av oss har områder vi ikke er så flinke på. Kan du være en god rollemodell om du røyker, om du banner, eller om du ikke spiser sunt? Hvis ja, hvordan er det mulig?
  6. Bruk bildene på siden til å diskutere eller skrive en fagtekst om det å være en rollemodell for barn og unge.

Læringsressursar

Rollemodell

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter